Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening Arkiv

Vi fann 850 artiklar i dette arkivet.


No kan du kjøpe fastelavnsris

Dordi Jorunn Halle Fredag 9. februar 2024

Førstkomande søndag er det både morsdag og fastelavnssøndag, så det er dagen for bådebollar og kake! Sanitetsforeninga held ein lang tradisjon i hevd og sel fastelavnsris og lerkhjarte som ein kan pynte med både ute og inne.


Salg av fastelavnsris

Dordi Jorunn Halle Torsdag 8. februar 2024

Todalen sanitetsforening melder at det blir salg av fastelavnsris fredag 9. og laurdag 10. februar framfor Matkroken/Halsbua. Det blir salg både av tradisjonelle bjørkeris og allergivennlege ris av lerk.


Godt årsmøte i Sanitetsforeninga

Dordi Jorunn Halle Onsdag 7. februar 2024

Todalen sanitetsforening heldt årsmøte i Sanitetshuset 6. februar, – eit møte med godt oppmøte og gode diskusjonar. Fungerande leiar Solveig Glærum ønskte vel møtt, og ho syntest det var kjekt at oppslutninga om årsmøtet var så bra!



Strikkekaffe – godt å treffast igjen

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. januar 2024

Da er jula forlengst ferdig, og dei fleste har nok hiva ut både juletre, julepynt og julebelysning – og starta den vanlege grå kvardagen.  Og kvardagen er god, og kanskje er den aller best?  – Sanitetskvinnene er også komne i gang med kvardagen, og laurdag vart årets første strikkekaffe arranger i Sanitetshuset på Kvennset. 


Fredrikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Torsdag 18. januar 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe / strikkekaffe laurdag 20. januar i tidsrommet 13:00 – 16:00. Vel møtt!



Basar og nonsmat – ein suksess!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 5. desember 2023

Todalen sanitetsforening er ei gammal og ærverdig forening; – heile 107 år, men foreninga er ikkje redd for å gå nye vegar! Første tysdagen i desember inviterte Saniteten til basar og nonsmat – ei nyskaping!


Basar og nonsmat

Dordi Jorunn Halle Laurdag 2. desember 2023

Todalen sanitetsforening tek ein ny vri på basaren sin i år: Sanitetsforeninga inviterer til adventsstund i Sanitetshsuet tysdag 5. desember kl. 17:00.


Spiseforstyrring kan ramme alle – i alle aldrar

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. november 2023

Torsdag kveld samla Todalen sanitetsforening sine medlemar og andre til helseforedrag i ungdomshuset.  Det var Kari Løvendahl Mogstad  som innleia om det alvorlege temaet og ga oss eit innblikk i kva denne sjukdomen står for.


Kløvertur i nydeleg vinterver

Dordi Jorunn Halle Tysdag 28. november 2023

Siste kløverturen i 2023 gjekk i Toåa tursti i nydeleg vinterver; – minus ti grader, skyfri himmel og snødekt mark.