Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sol og kløvertur på Kvennset

Dordi Jorunn Halle Måndag 19. februar 2024

Måndag 19. februar vart ein retteleg finversdag, med sol og vindstille; ein fin dag for kløvertur.

Turruta denne dagen vart frå Matkroken og innover til Bønnavollan og deretter utover til Hauabrekkå/Rossåbrua. Føret både etter vegen og i turstien er uforutsigbart med glatte parti. Derfor blir det enkle turar etter allmannvegen. Kløverturgjengen stundar etter vår der turane kan bli lengre, brattare og utanom Kvennsetgarden og Husby.

Ny kløvertur om ei veke, det er berre å møte opp ved Matkroken kl. 11:00 så blir du med på tur!

Tru om det neste blir å ta fly til «Syden»? Foto: Marit Sanden Søyset.

På tur nedover Hauabrekkå. Foto: Marit Sanden Søyset.

Det er flatt på Kvennsetgarden. Fjella i bakgrunnen er Blåfjellet, Litjfjellet og Rambjøra. Foto: Marit Sanden Søyset.

I dag var det åtte på tur. Frå venstre: Kari, Jorunn H, Marit, Jorunn Ø, Arndis, Helga og Åse. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Publisert: 19. februar 2024, 15:40