Kløvertur i Toåa tursti
Kløvertursesongen blir avslutta med tur i Toåa tursti måndag 27. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Vi fann 850 artiklar i dette arkivet.
Kløvertursesongen blir avslutta med tur i Toåa tursti måndag 27. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Siste laurdagen i november var det siste Fredrikkekaffeen i 2023 i Sanitetshuset.
Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe laurdag 25. november i tidsrommet 13:00 – 16:00. Vel møtt!
Gradstokken viste minus 10 grader da kløverturgjengen starta frå Tussebu. Det var kald sno og riktig hustre austover ekra frå Todalshytta. Så spørsmålet vart: Kor lang kan turen bli?
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 20. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
«Trollheimsfjella står i ring kring gamle Tovadal» – slik skriv Leif Halse i Todalssongen. Fjella er både majestetiske og fine, men dei skuggar for sola no når ho er så låg.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. VEL MØTT!
Todelen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 6. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å blir med ut på tur!
Det er nok ikkje berre strikking som foregår på Strikkekaffen som Todalen Sanitetsforening arrangerer. Nongnut Brusethaug gjorde i dag siste innspurt på ein fleire meter lang løpar som ho skal ha på spisebordet med plass til 12 personar på julaftan. Jammen eit praktfullt stykke handarbeid som ho har jobba med i haust. I tillegg har ho laga ein til, som Todalen Sanitetsforening har fått, og den skal loddes ut no snart – her blir det nok kø for å kjøpe lodd?
Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe laurdag 4. november i tidsrommet 13:00 til 16:00. Alle er velkomne med eller utan handarbeid.
Siste måndagen i oktober var det fint ver, sol og stille, – men mange minusgrader. Ti jenter stilte på rundturen frå Snøya til Hjellnes.
Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening vil minne alle på at i veke 44 – frå 30. oktober til 5. november – er det viktig at alle set fokus på eigenberedskap. Kvar husstand bør ha vatn, mat, varmekjelder, lys, eigne medisinar med meir til å greie seg i minst fire dagar viss det blir krise.