Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening Arkiv

Vi fann 842 artiklar i dette arkivet.


Riktig triveleg med handarbeid og kaffelag

Dordi Jorunn Halle Laurdag 17. februar 2024

Tredje søndagen i februar inviterte Sanitetsforeninga til strikkekaffe. Handarbeid er viktig, men aller viktigast er det å treffast til triveleg prat!


Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 15. februar 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe/Strikkekaffe laurdag 17. februar i tidsrommet 13:00 – 16:00. Vel møtt!


Kløvertur – sesongstart våren 2024

Dordi Jorunn Halle Måndag 12. februar 2024

Årets første kløvertur gjekk etter allmannvegen frå Matkroken og rundt om Husby. Etter ein kuldeperiode kom denne andre måndagen i februar med plussgrader og sur landvind.


Kløvertur rundt om Husbygardane

Dordi Jorunn Halle Sundag 11. februar 2024

Todalen sanitetsforening inviterer kløvertur måndag 12. februar. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


No kan du kjøpe fastelavnsris

Dordi Jorunn Halle Fredag 9. februar 2024

Førstkomande søndag er det både morsdag og fastelavnssøndag, så det er dagen for bådebollar og kake! Sanitetsforeninga held ein lang tradisjon i hevd og sel fastelavnsris og lerkhjarte som ein kan pynte med både ute og inne.


Salg av fastelavnsris

Dordi Jorunn Halle Torsdag 8. februar 2024

Todalen sanitetsforening melder at det blir salg av fastelavnsris fredag 9. og laurdag 10. februar framfor Matkroken/Halsbua. Det blir salg både av tradisjonelle bjørkeris og allergivennlege ris av lerk.


Godt årsmøte i Sanitetsforeninga

Dordi Jorunn Halle Onsdag 7. februar 2024

Todalen sanitetsforening heldt årsmøte i Sanitetshuset 6. februar, – eit møte med godt oppmøte og gode diskusjonar. Fungerande leiar Solveig Glærum ønskte vel møtt, og ho syntest det var kjekt at oppslutninga om årsmøtet var så bra!



Strikkekaffe – godt å treffast igjen

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. januar 2024

Da er jula forlengst ferdig, og dei fleste har nok hiva ut både juletre, julepynt og julebelysning – og starta den vanlege grå kvardagen.  Og kvardagen er god, og kanskje er den aller best?  – Sanitetskvinnene er også komne i gang med kvardagen, og laurdag vart årets første strikkekaffe arranger i Sanitetshuset på Kvennset. 


Fredrikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Torsdag 18. januar 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe / strikkekaffe laurdag 20. januar i tidsrommet 13:00 – 16:00. Vel møtt!



Basar og nonsmat – ein suksess!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 5. desember 2023

Todalen sanitetsforening er ei gammal og ærverdig forening; – heile 107 år, men foreninga er ikkje redd for å gå nye vegar! Første tysdagen i desember inviterte Saniteten til basar og nonsmat – ei nyskaping!