Fredrikkekaffe – triveleg ettermiddagsstund
Sanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe laurdag ettermiddag; eit godt tiltak i bygda vår. Kjekt å kunne treffast til hyggeleg prat!
Vi fann 944 artiklar i dette arkivet.
Sanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe laurdag ettermiddag; eit godt tiltak i bygda vår. Kjekt å kunne treffast til hyggeleg prat!
Da er det haust og nysnø i fjella, kveldane er mørke, og det er tid for å finne fram att strikking og anna handarbeid. Laurdag 24. september inviterer Sanitetsforeninga til strikkekaffe i Sanitetshuset i tidsrommet 13:00 – 16:00.
Det blir ikkje kløvertur i morgon måndag 19. september.
Todalen sanitetsforening har i dag motteke prisen Årets prosjekt, for sitt nyskapande samarbeid med Solveig Haglund og Helga Bele med prosjektet «Inn på Tunet». Det skjedde under Regional samling på Scandic Nidelven i Trondheim, der rundt 130 engasjerte sanitetsdamer er på plass i helga for å stake ut kursen for organisasjonen – mot 2030. Stående […]
Veret var grått og surt, og det var yr i lufta. Men elleve turglade jenter stilte på Kløvertur til Tjønnmyran.
Todaeln sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 12. september. Start frå Matkroken kl. 11.00. Blir du med?
Friluftsrådet Nordmøre og Romadal arrangerer i perioden 1. – 11. september Stikk UT! Festival i dei fleste kommunane i regionen. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, i samarbeid med Fellowman Surnadal, Todalen sanitetsforening og Todalen Idrettslag, inviterer derfor til Stikk UT! Festival i Toåa tursti fredag 9. september klokka 18:00.
Sanitetsforeninga minner om medlemsmøtet 6. september kl: 18:30 i Sanitetshuset.
Nok ein måndag med sol og fint ver da Kløveturgjengen starta frå Bruset og oppover skogsvegen.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 5. september. Start frå Matkroken kl. 11:00. Blir du med?
Det er overskrifta på ei melding vi har fått frå Omsorgs-beredskapsgruppa i Surnadal, ved Todalen sanitetsforening og Surnadal sanitetsforening. «Vi kan alle oppleve store og små kriser der vi bor. Av og til er det behov for frivillig innsats og at noen kan bistå kommuner og nødetater når det trengs. Vi opplever oftere strømbrudd, men også leteaksjoner, brann, langvarig tørke eller evakueringshendelser. Her kan Omsorgsberedskapsgruppene i Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) bistå. I 150 kommuner med over 3500 aktive medlemmer.»
Siste måndagen i august skein sola frå skyfri himmel over Todalen, ein nydeleg dag for Kløvertur!