Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg mimrestund i ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Måndag 7. november 2022

Den kulturelle spaserstokken som er eit kulturtidbud eller om ein skal kalle det mimrestund som er støtta av fylkeskommunale kulturmidlar og skal være med og krydre kvardagen til dei som har levd ei stund.  Astrid Overaa som hadde god hjelp av pianisten Jan Gunnar Åkre underheldt ei 30-tal frammøtte ein ettermiddagstime på måndag.  Med sin lune humor og gode forteljarevne fikk ho publikum til å kome i skikkeleg mimremodus.

Astrid Overaa hadde med seg Jan Gunnar Åkre på piano – dei to bydde på mykje song og musikk. Foto Jon Olav Ørsal

Vi vart påminna om korleis det var å veksa opp på den tida at alt gikk litt saktare og det enno ikkje var verken taco eller pizza å få på laurdagskvelden.  Elles kan vi nemna barnetimen og songar og leika, brylkrem, Elvis og tyggis – og sjølvsagt tante Berta og kakeboksen og store spissposer med godteri som vi vart til del enkelte gong. 

med mykje song og musikk formidla ho det gode bodskapet og vi fekk ei trieveleg ettermiddagsstund i ungdomshuset.

Astrid Overaa fikk publikum i ein skikkeleg mimremodus. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 7. november 2022, 16:51