Kløvertur i Gammelvegen
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 4. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Vi fann 950 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 4. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
I dag arrangerte Todalen Sanitetsforening den første strikkekaffen. Derme er sesongen i gang og totalt var det nok 15-20 deltakarar som stakk innom Sanitetshuset på Kvennset. Nokre hadde med bunding, medan andre satsa på hekling og kanskje var det nokon som berre stakk innom for å slå av ein prat.
Todalen sanitetsforening melder at laurdag 2. september er det strikkekaffe i Sanitetshuset i tidsrommet frå klokka 13:00 til 16:00. Alle er velkomne, med eller utan handarbeid!
Tysdag 5. september kl 18:30 inviterer Todalen sanitetsforening til infomøte om etablering av framtidsfullmakt i Sanitetshuset på Kvennset. Da kjem advokat Inger Grete Lundemo for å orientere om framtisfullmakt – og kva dette er, og korleis du skal gå fram med å etablere slik fullmakt. Dette er eit ope møte, med gratis adgang, og alle er velkomne til å bli med. Enkel servering.
Kløverturen siste måndagen i august var reint så triveleg: Mykje folk, godt ver, interessant guiding, snorklipping og kaffelag med mykje godt!
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 28. august. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Første kløverturen etter sommarferien gjekk etter skogsvegen oppover frå Bruset i riktig godt ver!
No er sommarpausen over og Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 14. august. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
På denne datoen i 2013 gjekk det store raset uti Stranda. Det tok med seg både straumnettet, vegen og mykje skog – og dermed var bygda totalt isolert frå omverda nokre dagar. Dette gjorde at utfordringane stod i kø – vi som var «innestengt» måtte finne nye løysingar og improvisere på mange felt.
Måndag 26. juni blir det Kløvertur i Toåa tursti. Oppmøte på Matkroken Todalen klokka 11:00, så går turen derifrå bortover til Hallset bru og vidare oppover Toåa tursti.
Måndag føremiddag trefte vi denne gjengen som kosa seg i sommarvarmen i Toåa tursti – eller nærare bestemt ved gapahuken ved Båthølen. De ti damene var ute på «Kløvertur» i regi av Todalen sanitetsforening, og dei let som så at det var litt for trimmens skuld og kanskje mest for å treffast og ha det triveleg i lag.
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart tilbyr fotpleie måndag 19. og tysdag 20. juni. Det er ledige timar båe dagane.