Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur til Hjellnes – sol frå skyfri himmel!

Dordi Jorunn Halle Måndag 30. oktober 2023

Siste måndagen i oktober var det fint ver, sol og stille, –  men mange minusgrader. Ti jenter stilte på rundturen frå Snøya til Hjellnes.

Dette er ei fin turrute med passe bratte motbakkar. Oppe i sola var der det kjøle fint å gå, men nede i Gammelvegen var det rim, glatte røter og til dels is i vegen; da er det viktig å sjå ned og passe på kor ein set føtene, Heldigvis ingen fall!

Godt å vere ute på tur! Vi ser: Helga, Åse Johanne, Dordi Ingeborg, Marit, Arndis, Jorunn, Kari, Jean, Helen og Dordi Jorunn. Fotoeigar: Dordi Jorunn Halle.

På tur ned frå Hjellens møtte vi måndagstrimmen. Så triveleg! Foto: Marit Sanden Søyset.

Oppe på Flata møtte vi måndagstrimmen frå Kvanne. Dei har også måndagar som turdag, og det var riktig kjekt å møte andre trimmarar!

Måndag 6. november blir det kløvertur med start frå Redskapshuset oppi Taløyan, og måndag 13. november er det planlagt tur i Toåa tursti.

Fleire bilete frå tur i godver:

Fint å gå i tollskog. Foto: Marit Sanden Søyset.

Der fjorden går mot fjella inn …. Utsikt frå Hjellnes. Foto: Marit Sanden Søyset.

Sola er lågt på himmelen. Foto: Marit Sanden Søyset.

 

Publisert: 30. oktober 2023, 17:20