Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fredrikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Fredag 13. oktober 2023

Todalen sanitetsforening melder at laurdag 14. oktober er det Fredrikkekaffe i tidsrommet 13:00 til 16:00. Alle er velkomne med eller utan handarbeid!

Det blir servering av kaffe med noko attåt.

Det «offisielle» namnet på strikkekaffeen er Fredrikkekaffe. Namnet er til minne om Fredrikke Marie Qvam som grunnla Norske Kvinners Sanitetsforening i 1896. Ho var leiar i organisasjonen fram til 1933. Fredrikke var formann i Norsk Kvinnesaksforening frå 1899 til 1903. Ho kjempa for kvinners rettigheitar i alle år, mellom anna for røysterett for kvinner. Fredrikke var politisk lobbyist og vart omtala som «Korridorenes Dronning»!

Vertinnene, Ingeborg og Åse, ønsker alle vel møtt til ei triveleg ettermiddagsstund!

Publisert: 13. oktober 2023, 12:48