Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening melder: Dette er veka for å løfte fram eigenberedskap i heimen!

Dordi Jorunn Halle Måndag 30. oktober 2023

Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening vil minne alle på at i veke 44 – frå 30. oktober til 5. november – er det viktig at alle set fokus på eigenberedskap. Kvar husstand bør ha vatn, mat, varmekjelder, lys, eigne medisinar med meir til å greie seg i minst fire dagar viss det blir krise.

Opplysingar om kva alle bør tenkje på og planlegge for når det gjeld eigenberedskap, finn ein på sidene til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Direktoratet skriv: Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, der vi er vante til at det meste fungerer som det skal. Men livet i Norge er heilt avhengig av straum, vatn og internett – og nettopp der er det vi er mest sårbare. 

Uver, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror og krigshandlingar kan føre til at mange mister straum eller vatn, og det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer.

På nettsidene til direktoratet – «Sikker hverdag» – kan du lese meir om korleis du og dine kan førebu dykk på eventuelle kriser.

Nettsidene til Direktoratet for Samfunnssikkerhet og beredskap finn du her:

http://sikkerhverdag.no 

Først publisert: 30. oktober 2023, 15:58 - Sist oppdatert: 31. oktober 2023, 00:44