Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1808 artiklar i dette arkivet.


17. mai programmet er klart

Elinor Bolme Laurdag 14. mai 2016

17. mai programmet er allerede klart og også i år blir det muligheit til å feire frå morgon til kveld i Todalen. Det tradisjonelle biltoget startar frå Hals klokka 10 og endar som tidlegare år på Bordholmen med felles frukost.


Lagseriestemne kvar torsdag

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. mai 2016

Det var ein iherdig gjeng som måtte på lagseriestemne torsdag kveld. Dei hadde kledd seg god for å være ute i regnet, og da vart det både hopp, kast og løp – bokstaveleg tala på løpande band.


Storseier på Bordholmen

Elinor Bolme Onsdag 11. mai 2016

I kveld var det stor fotballkamp på Bordhomen mellom Søya/Todalen og Bøfjord/Bæverfjord i klassen G10. Resultatet er litt usikkert, men oppmann Bjørn Gunnar Ansnes antyder i etterkant ca 23-5 til Søya/Todalen.


Friidrett på torsdag

Elinor Bolme Tysdag 10. mai 2016

Førstkomande torsdag startar ski og friidrettsgruppa opp att med friidrett på Borholmen for store og små. Her blir det muligheit for å teste ferdigheter innan både spenst hurtighet og ikkje minst treffe venner og naboar. Oppmøte klokka 18.


Gjerdet er kome på plass igjen

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. mai 2016

Gjerdet rundt Bordholmen fikk har medfart i vinter. Både stormflod og landvind hadde ført til at gjerdet vart lagt ned ca 20-30 meter på den ytterste delen, mot elva. Før helga var banekomiteen på befaring for å planlegge reparasjonen…


Like før ny Stikk UT! – sesong

Dordi Jorunn Halle Fredag 29. april 2016

Søndag første mai går startskottet for Stikk UT! 2016. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder om stor pågang og interesse for årets Stikk UT!


T.I.L. med sjanseseilas til havs på 70-talet…

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. april 2016

Etter tips fra en utflytta todaling har vi sakset en god historie fra avisa NordvestNytt. NordvestNytt hadde fått inn et avisutklipp fra den sagnomsuste fotballturen til Veiholmen, da laget leide inn skyssbåten «Hauk» på Halsa og dro til havs. Skysskaren hadde totalt feilbedømt avstanden, og det ble nok litt vanskelig å orientere seg da de bare hadde et bilkart til bruk for navigasjon. Men turen gikk godt, selv om de både ble forsinket til kampstart og tapte fotballkampen. Vi kjenner att mange «størrelser» fra fotballbanen på 70-tallet på bildet, og blar du videre kan du lese hva NordvestNytt skriver om de langveisfarende gjestene.


Årsmøte unnagjort. Ikkje på 1 time, men 3.

Elinor Bolme Fredag 22. april 2016

I går kveld var vel 20 personar samla i Todalen Ungdomshus til årsmøte for Todalen Idrettslag. Leiar Steinar Frøystad ønska velkommen, og gav så ordet vidare til valgt møteleiar John Moe. Idrettslaget er oppbygd med eit hovudstyre, og undergrupper for fotball, ski/friidrett, drift/anlegg og trim/allidrett. Alle dei ulike gruppen presenterte sine årsmeldingar, medan regnskapen vart presetert av konstituert kasserar Knut Bergli.


Sesongstart på Bordholmen

Dordi Jorunn Halle Torsdag 21. april 2016

Til tross for surt og kaldt ver vart det ein flott start på fotballsesongen på Bordholmen. Årets første kamp var eit lokaloppgjer mellom Surnadal 1 og KUST 2 i klassen jenter 12.


Todalen I.L. minner om årsmøtet

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. april 2016

Todalen idrettslag minner om årsmøtet, og presenterer komplett sakliste. Årsmøtet blir annarngert i Todalen ungdomshus torsdag 21. april kl 19.00. Oppdatert sakliste til årsmøtet kan du laste ned som PDF-fil her eller lese ved å klikke deg vidare. Alle medlemar er velkomne til årsmøte.


Målardugnad på Bordholmen

Elinor Bolme Tysdag 19. april 2016

Todalen Idrettslag skal no ha målardugnad på klubbhuset. Denne er planlagt til onsdag 27. april og idrettslaget treng derfor frivillige til å bidra. Bjørn Hauglann fortel at dei har alt av skraper, kostar, målerbøtter og stigar, så det eneste dei treng er mannskap og oppholdsvær. Send derfor gjerne Bjørn ei tekstmelding på tlf 91338051 og gi beskjed: «Eg stiller på målerdugnad […]


Festkveld med tid for belønning…

Jon Olav Ørsal Fredag 8. april 2016

Torsdag kveld arrangerte Surnadal idrettsråd sin festkveld i Surnadal kulturhus. Det vart ein fin festkveld med både undhaldning og fagleg innput, og det tid for belønning. Tilsaman 4 prisar vart det delt ut denn kvelden – alle til velfortente mottakarar. Den gjevaste priser var kanskje «Publikums hederspris», der Olav Rønning var mottakar. Dei 5000 priskronene donerte han vidare til fondet for ny tråkkemaskin.