Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full gass på fellesturnering

Elinor Bolme Måndag 30. mai 2016

Søndag var vel 40 unge fotballspelarar mellom 6 og 8 år frå  5 ulike idrettslag samla på Amfi Park for  knøtteturnering på tvers av klubbgrensene. Dette er eit årvis arrangement med Surnadal IL i spissen, men med god hjelp frå dei 4 andre klubbane.

Knøttelaget i Todalen stilte med fem stykk og dei kunne alle saman fortelje at dei hadde ei toppers fotballøkt.

image

Nicole Nordvik (heilt til høgre) fekk nye venninner under turneringa. Ho fekk spele saman med jamnaldrande jenter, mot berre gutar til vanleg.

image

Jens Sancho Ansnes og Trygve Aleksander Halle spela på same lag, saman med andre i samme aldersklasse.

image

Tor Asbjørn Karlsen passar her målet for sitt lag. Dei eldste spela 5’er. Dei yngste spela på 3’er.

image

Her er Markus Bolme og Tor Asbjørn Karlsen motstandarar, men det var nok berre stas.

Sjå fleire bilder hos Trollheimsporten: Blomster og fotball

Publisert: 30. mai 2016, 09:48