Comeback, og banens beste
Laurdag spela Surnadal sitt herrelag mot Rollon 2, som også ligg nederst på tabellen i 3. divisjon. Surnadal gjekk dessverre på nok eit tap, trass god tru på at dei skulle vinne på forhånd. Frikk Hauglann Talgø spela sin første kamp på lange tider, etter ein skade i vårsesongen, og vart kåra til banens beste med sitt innhopp i 2. omgang.