Med snøfallet siste døgn og nokre få kuldegrader, så vart det uteaktivitetar igjen. På Bordholmen er skeiseisen alt på plass, og banen er klar til bruk – enten du vil prøve det på kunstløp, ishockey eller kanskje først og fremst å lære å gå på skøyter. På Tjønnmyra er det også fine forhold. Heile traseen er køyrt opp, og det er fin-fine løyper der du kan prøve skiene på blåswix-føret.

Med snøen kom det mykje artigheit for både store og små. Ådne og Selma laga seg snøhule på Bordholmen. Foto: Jon Olav Ørsal
På Bordholmen vart det såpass kaldt at isen vart klar utpå dagen, og sjølv om det er kome 30-40 cam nysnø det siste døgnet, så er isbanen rydda og det er fineforhold. Dersom du ikkje har utstyr så der det både skeiser og hockey-køller som du kan låne gratis – dei finn du i klubbhuset i garderoben. Så her er det berre å sette i gang, seier Knut Bergli så er isbanesjef.

Kjempefine forhold og nyoppkøyrte løyper på Tjønnmyra – hugs å ta med Blå-swix’n. Foto: Jon Olav Ørsal

Har du ikkje investert i utstyr – så kan du låne av det som T.I.L. har til utlån, fortel Knut Bergli

I går kveld var ryddegjengen i aksjon. Finn Ranes og Knut Berli med snøskuffer og Åsmund L. Kvendset med traktor. Foto: Anders Gjeldnes