Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1808 artiklar i dette arkivet.


Ventar på snøen, men kan brukast lell…

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. november 2018

På Tjønnmyran er alt klart for å ta i mot den første snøen. Det er nok både store og små skientusiastar som ventar på den første snøe, slik at dei kan kome i gang med skitrimmen. Men sjølv om snøen manglar så er det muligheter i lysløypa – du kan nemleg ta trimmen til fots! Og det er det faktisk mange som nyttar høvet til, for det var mange fotspor rundt etter traseen.


Full kontroll på julebordsmaten

Jon Olav Ørsal Fredag 16. november 2018

Kokkane ga uttrykk for at dei hadde full kontroll på julematen til laurdagskvelden store julebord i ungdomshuset. Fredag kveld vart borda dekt på, og matlaginga førebudd på beste måte. Kjøkkensjef Jon Olav Roaldset hadde god styring på matlaginga, og han har dyktige folk med seg på kjøkkenet. Har du glømt å meløde deg på så er det enno nokre plassar ledig….


Stor dugnadsinnsats!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 10. november 2018

Laurdag 10.november var det klart for hogstdugnad i Toåa tursti. Ni karar med motorsag gjekk laus på lauvskogen langs elva. Det vart raskt felt mange tre, men det er mykje å ta av! Skogen, mest older, hegg og selje, står tett langs heile elvekanten.



Todalen IL representert i NM Halvmaraton 2018

Elinor Bolme Onsdag 7. november 2018

Forrige helg var Todalen IL representert i NM i halvmaraton i Stavanger. Her deltok Erlend Halset for sin hjerteklubb og sprang inn til 1.45 på halvmaraton som er ca 21 km. Erlend har sendt oss ein liten rapport frå løpet.


Innspurt for påmelding til T.I.Ls julebord i ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Fredag 2. november 2018

Todalen I.L. minner om invitasjonen julebordet som laget arrangerer laurdag 17. november og at påmeldingsfristen går ut laurdag 3. november. Bruset fortel at det allereie no er mange påmeldte, og reknar med ein innspurt dei siste to dagane.


Skumle og søte på ein gong

Elinor Bolme Torsdag 1. november 2018

Allsidigheita var stor når nesten alle skuleungane og barnehageungane møttes til felles Halloweenmarkering i gymsalen i går kveld. Her var både søte damer, skumle typer, mumiar på rulleskeiser og mann i dusj på plass for ei hyggeleg fellessamling i forbindelse med årets kanskje skumlaste dag; Halloween. 


God gammeldags basarstemning i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Sundag 28. oktober 2018

Det var skikkeleg basarstemning og mykje folk som møtte opp da Trim-, ski- og friidretssgruppa arrangerte sin årlege basar. Klingande mynt i kassa vart det også, for basarkomiteen rapporterte om skikkeleg god respons på førehandssalet på Matkroken dei siste vekene og sjølvsagt var det triveleg at så mange kom på basar, sa leiar i Trimgruppa Jorun Nordvik da ho takka publikum etter trekninga.


Førehandssal til Trimbasaren

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. oktober 2018

Laurdag var det førehandsal til TILs basar for trim-, ski- og friidrettsgruppa. Loddsalet gikk strykande og Gunnar Nordvik hadde fullt opp med å registrere loddsalet.  Førehandsalet fortsett i opningstida til butikken fram til kl 16.00.  Søndag er det basar i ungdomshuset som startar kl 16.00 og går utover ettermiddagen og kvelden og der blir det massevis […]


T.I.L. – Basar med artig og nostalgisk innslag

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. oktober 2018

Komande søndagskveld arrangerer Trimgruppa saman med Ski- og friidrettsgruppa basar i Todalen ungdomshus. basaren startar kl 16, og det blir både basarbord, åresal og utdeling av premiar. Hovedposten på programmet blir likevel eit litt nostalgisk lysbildeprogram, der Gunnar Nordvik viser lysbilder frå 90-talet, der ei gruppe dreiv med klatring både i Todalsfjella og i Innerdalen – med nettopp Gunnar som mentor og læremeister. Det blir nok eit triveleg gjensyn etter så mange år.


Oppstart balleik

Elinor Bolme Måndag 22. oktober 2018

Det blir balleik i gymsalen på skulen onsdagar frå og med  førstkommande onsdag 31. oktober til og med  12. desember. Her blir det som vanleg tider for dei yngste, og så for dei eldste ungane etterpå.


T.I.L. – Inviterer til julebordfeiring i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Fredag 12. oktober 2018

Laurdag 17. november blir det arrangert stort julebord i Todalen ungdomshus. Da inviterer Todalen Idrettslag alle sambygdinger til sitt første julebordarrangement. Det trur vi skal gå veldig bra, for vi er vant med store festarrangement og matservering – ikkje minst i samband med hjortfestane som lenge hadde stor oppslutning og gikk for fulle hus, seier leiar i Todalen I.L. Nils Ove Bruset. – Vi trur dette blir artig!