Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ventar på snøen, men kan brukast lell…

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. november 2018

På Tjønnmyran er alt klart for å ta i mot den første snøen. Det er nok både store og små skientusiastar som ventar på den første snøe, slik at dei kan kome i gang med skitrimmen.  Men sjølv om snøen manglar så er det muligheter i lysløypa – du kan nemleg ta trimmen til fots! Og det er det faktisk mange som nyttar høvet til, for det var mange fotspor rundt etter traseen.

Du slår på lysløypa ved å trykke på knappen på boksen lengst til venstre i bildet. Lysløypa slår seg av sjølv utpå kvelden ein gong. Foto: Jon Olav Ørsal

Dersom du tek turen på dagtid, så treng du ikkje anna enn daglyset for å kome rundt i lysløypa. Men vil du heller ta turen på kveldstid, så er det berre å trykke på knappen til lysløypa, så får du lys på heile lysløypa – og kan ta turen i ro og mak uten å bruke hodelykt eller anna lys. Da kan du også bruke gapahuken til pausen.  Det er sjølvsagt gratis å bruke lysløypa – er du medlem så er også det greit, men dersom du tykkjer det er fint å bruke lysløypa og gjerne vil yte eit bidrag så er det ein plakat som fortel at du kan Vipse eit bidrag til Todalen IL for drift av anlegget! 

Ta gjerne pausen i gapahuken – her er det også WC for den som har behov. – Men rydd opp att etter deg….. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 21. november 2018, 09:22