Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Premiere for skiføret i lysløypa på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Fredag 7. desember 2018

I dag vart vinterens første skispor i lysløypa køyrt opp.  Ståle Ansnes sørga for å preparere lysløypa med løypefresen og sporsettaren som laga sjølve skisporet. Løypetraseen vart 2-3 meter brei, med både skispor for klassisk og eit bredt felt for skøyteteknikk for den som ønskjer det.

Ståle fortalte at det var ikkje meir snø enn som trongst, så det er kanskje ikkje lurt å bruke dei nyaste skiene i løypa før det kjem litt meir snø. Men det er iallfall nok snø til at du kan få prøve skiene, og så blir det nok betre forhold etter kvart som det blir meir snø.

Trykk på ein av dei blå knappane så blir det lys i lysløypa. Foto: Jon Olav Ørsal

Kjem du oppå Tjønnmyra på kveldstid, så er det berre å trykke på knappen så blir det lys. Lampene i lysløypa lyser ei stund utover kvelden og slår seg etter kvar av sjølve.  Elles kan vi nemne at det nok blir StikkUT ski på Tjønnmyra også denne sesongen, men vintersesongen for stikkutturer starter først 15. desember, så det kjem vi etter kvart med meir informasjon om.

I gapahuken kan du ta deg ein pause – her er det også utedo. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 7. desember 2018, 17:27