Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Romjulsmarsj med stor oppslutning

Dordi Jorunn Halle Fredag 28. desember 2018

«Det er riktig så triveleg å treffe så mykje folk når ein går Storrundt!», – det var omkvedet under «Romjulsmarsjen» i Todalen 4. juledag. Og det var kjøle mykje folk som var ute og gjekk, nesten 150 personar! Folk var glade for å treffe naboar, kjenningar, utflytta todalingar og andre som var på besøk og tok ein runde bygda rundt! Det vart mange stopp for å helse og slå av ein prat, altså vart det meir sosialt samver enn fart og trim! Men det er riktig så mange andre dagar i løpet av året ein kan springe, jogge eller finspasere Storrundt utan å treffe eit menneske.

Matstasjon på Bruset. Frå venstre: Torill, Tove, Ola, Jorunn, Jon og Gunda. Jorunn Nordvik og Ola Bruset er med i trimgruppa og serverte gløgg og saft. Foto: Dordi J H

Trimgruppa har arrangert romjulsmarsj i mange år, det er ein kjærkomen tradisjon i bygda. Kanskje det nærmar seg heile 40 år sidan første gongen? I dag var det ideelt føre og ver for å arrangere romjulsmarsj, god temperatur, nesten ikkje glatt og faktisk endeleg ein dag utan regn! Trimgruppa visste kva dei gjorde da dei bestemte seg for å legge arrangementet til 4. juledag i staden for å halde på tradisjonen med 3.-dag. Somme sakna riktig nok både snø og sparkføre, andre mintest styggkalde romjulsmarsjdagar med 23  minusgrader.

Anita Talgø, Lars Kvendset og Sissel Storslett er medlemmer i trimgruppa og passa matstasjonen på Sandstad. Foto: Dordi J H

Matstasjon med gløgg og saft på Bruset og på Sandstad som vanleg, her var det loddsal og tippekonkurranse. Loddsalet gjekk strykande. Jorunn Nordvik var svært fornøgd både med oppslutninga om marsjen og innsatsen ved loddkjøp – det kom inn ca. 5000 kroner. Trimgruppa takkar alle for god støtte! Det var 14 gevinstar, sekkar og sjokolade. Dei heldige som vann sekkar var: Ronja Dahl Holten, John Moe, Sigrid Gjersvold, Gudmund I. Kvendset og Frode Grønmyr. Men alle som deltok fekk fin medalje.

Romjulsmarsjen er ei fin anledning for å treffast og få ein prat: Frå venstre: Jostein, Nils og Monika. Foto: Dordi J H

Tippinga gjekk ut på å tippe rett tal på smågodtbitar i eit glas, her vann Knut Bergli som tippa nøyaktig rett; nemleg 101 bitar. Det var godt gjort!

Det vart helsa både «God jul» og «Godt mot» under turen i dag; og det vart ein dag for «gode møte»!

Folk kosa seg med å vere ute på tur. Frå venstre: Ingrid, Jan, Torill med Tormund Olai i vogn, Tore med Mille og Live i vogn, Jonas, Gunn Tove og Sven Olav. Foto: Dordi J H

Stor samling på Bruset! Foto: Dordi J H

Under er enda fleire bilder frå dagens marsj. Alle foto: Dordi Jorunn Halle.

Først publisert: 28. desember 2018, 18:45 - Sist oppdatert: 29. desember 2018, 00:10