«Et merkelig år, men Stikk UT!-består»
Fredag 1.mai startar årets Stikk UT!- sesong. Her i Todalen er det framleis tre Stikk UT!-turmål; nemleg Tjønnmyran, Svinvikrunden og Bjøråskaret. Svinvikrunden er eit populært turmål og eit av dei turmåla som har vore lengst med i Stikk UT!-programmet. Målet med Stikk Ut! er å inspirere til fine turar og friuftsliv, mosjon og frisk luft. I år blir det ikkje bøker i turkassane, all registrering skjer på nett på grunn av smittesituasjonen. Friluftsrådet ønsker å fokusere på nærturar og oppfordrar til å ta turar i nærmiljøet!