Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen I.L. med stort Sommar-lotteri

Jon Olav Ørsal Fredag 31. juli 2020

For å kompensere litt for inntektstapet for årets Todalsdag arrangerer Økonomi- og markedsgruppa i Todalen I.L. Sommar-lotteri. Lotteriet startar med førehandssal laurdag 1.august på Matkroken Todalen. Lotteriet har trekning måndag 31.august kl. 17:00 og vil bli kunngjort her på todalen.no, samt at vinnarane personleg kontakta.

Førehandssalet vil finne stad på Matkroken Todalen desse dagane:
Laurdag 1.august kl. 10:00 – 15:45
Fredag 14.august kl. 14:00 – 17:45
Laurdag 29.august kl. 10:00 – 15:45

I tillegg er det mogleg å kjøpe lodd via Vipps. For å kjøpe lodd via Vipps sender du beløpet du vil kjøpe lodd for til Vipps nr. 527926 Todalen I.L. – Lotteri. Hugs då å skrive namnet på loddkjøpar i meldingsfeltet før du sender beløpet. Prisen er kr. 20,- pr. lodd. Siste frist for loddkjøp er Laurdag 29.august kl. 20:00.

Økonomi- og markedsgruppa har fått tak i heile 6 gevinstar av høg verdi, så her er det noko for ein kvar smak. Gevinstane er som følgjer:
1.gevinst: Visa Gåvekort frå Surnadal Sparebank på kr. 3000,-
2.gevinst: Bag frå Kårvatn Handelskompani AS
3.gevinst: Kontorstol for vaksne frå Matkroken Todalen
4.gevinst: Sykkelhjelm frå InterSport Olaf Moen eftf. AS
5.gevinst: Kontorstol for barn frå Matkroken Todalen
6.gevinst: Hengekøye frå Power Surnadal

Økonomi- og markedsgruppa håper folk vil bidra ved å kjøpe lodd.
Som tidlegare nemnt er bakgrunnen for lotteriet å prøve å kompensere litt for inntektstapet frå årets Todalsdag. Inntektene frå Todalsdagen er den største enkelt inntektskjelda for Idrettslaget, og Koronasituasjonen gjorde at arrangementet i år vart særs amputert noko som sjølvsagt reduserte inntektene. Samla sett vart inntektene i år redusert med over 60% i høve til det som er normalt, noko som utgjer store summar for Idrettslaget. Utgiftene til å drive laget sine mange anlegg er dei same uavhengig av Korona eller ikkje, og Idrettslaget har ingen støtteordningar frå det offentlege som kompenserer for bortfallet av inntekter. Så difor har Økonomi- og markedsgruppa bestemt seg for å gjennomføre eit Sommar-lotteri for på den måten prøve å redusere inntektstapet litt.

Publisert: 31. juli 2020, 18:48