Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad på Skihytta

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 12. juli 2020

Det har i lang tid vore planlagt dugnad på skihytta for å skifte bordkledning på austre vegg. Hyttevaktmeistar T. A. Moe har lenge planlagt dugnaden, og fredag og laurdag drog dugnadsgjengen til fjells for å skifte veggen og få gjennomført litt anna nødvendig arbeid på Skihytta. Dugnadsgjengen var på 7 personar og dei gjekk opp tidleg på ettermiddagen fredag. Som alltid ved aktivitet på Skihytta så er planlegginga tima og tilrettelagt til minste detalj. Og denne turen var ikkje noko unntak! Sjølvsagt var det innlagt overnatting til laurdag med ein rikhaldig meny. Dugnadsgjengen vart delt i 3 arbeidslag.

Dugnadsgjengen- bortsett frå fotografen.

Snekkar-gjengen:
Snekkar-gjengen var på 3 personar og skulle skifte bordkledning på austre vegg og montere takrenner. Arbeidet gjekk etter plana og karane vart ferdige i god tid før returen til «sivilisasjonen».

Torvtak-gjengen:
Torvtak-gjengen var på 2 personar og skulle ta opp torv og tekkje taket på det nye fine «aggregathuset» (bakelsjarnhuset has Knut) som Gunnar Nordvik bygde i vinter. Huset vart nok eit praktbygg levert av Gunnar Nordvik, og torvtaket vart såleis prikken over i-en. Torvtak-gjengen var så effektive at dei fekk ei ekstraoppgåve som bestod i å grave grøfter på ytre og øvre hjørne på av hytta. Dette for å prøve å få bukt med det som alltid har vore eit «blaut-hål», og hyttesjef Nordvik håper no at dette problemet er løyst ein gong for alle. 

Kjøkken-gjengen:
Kjøkken-gjengen var og på 2 personar og hadde ansvaret for all matlaging, og det er ikkje noko lita oppgåve på når hyttesjef T. Nordvik kallar inn til dugnad. Fredag kveld var det i tradisjon tru treretters middag. Vi har ikkje fått opplyst kva som stod på menyen, men så vidt vi har fått tilbakemeldingar på så fall maten i smak. Laurdag presis kl. 8:00 var det engelsk frokost (speilegg, bacon og tomatbønner). Kl. 11:30 serverte sjefskokken K. Halset kaffe og bakels. Før sluttsignalet for dugnaden gjekk vart det servert pølser i lomper (eller labbe som T. Nordvik kallar det) med rekesalat og sprøstekt løk.

Hyttesjefen seier seg storfornøgd med dugnaden og det arbeidet som vart gjennomført. Han vil til slutt rette ein stor takk til Talgø MøreTre og salgssjef Bjørn Hauglann for levering av kvalitetsmaterialer av typen MøreRoyal til den nye austveggen. Vi kan og legge til at Talgø MøreTre har levert same type materiale som etter kvart skal brukast på nedre vegg. Så det er ikkje utenkjeleg det blir høve for fleire til å bli med på dugnad om ikkje så alt for lenge.

Nedafor finn du eit fotogalleri frå dugnadsarbeidet – Alle foto: Hyttesjefen   

Først publisert: 12. juli 2020, 06:00 - Sist oppdatert: 11. juli 2020, 22:56