Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg kamp!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. august 2020

Måndag kveld var det endeleg klart for kamp for Søya/Todalen sitt G9/10 lag på Søyabanen. Etter mange månader med berre trening og terping kunne endeleg gutane kle på seg drakta og entre banen for å spele kamp. Første kamp var mot Tingvoll. Dette var òg første gongen laget spela fotball på 7-ar bane, og det prega dei litt i starten, men det betra seg mykje etter pause. Likevel vart Tingvoll for sterke, og vann kampen til slutt med god margin. Men spelarane får ein ny sjanse allereie neste måndag.

Søya/Todalen sitt lag består i år av totalt 12 spelarar, der 5 av desse er heimehøyrande i Todalen. Spelarane er:

            Erlend S. Polden

            Endre F. Sæterbø

            Trygve Aleksander Halle

            Magnar Vikan

            Ådne Måøy

            Jens Sancho H. Ansnes

            Endre F. Sæterbø

            Sindre K. Rodal

            Ådne S. Gjeldnes

            Anders D. Bruset

            Lars Ailo J. Gjeldnes

            Mikael R. Bråten

Dei 4 siste er 8-åringar, men hospiterer opp på G9/10 på grunn av få spelarar i 9/10-årsgruppa.

Søya/Todalen G9/10. Foto: BGA

Totalt skal Søya/Todalen spele 8 kampar fram til byrjinga av oktober. 3.september spelar laget heimekamp mot Surnadal på Bordholmen kl. 18:00.

Koronasituasjonen gjer at alle som er til stades på kampar må registrerast med namn og telefonnummer for eventuell seinare smittesporing. Dette inneber sjølvsagt ein del meirarbeid for arrangørane, men er naudsynt slik situasjonen no ein gong er; noko ein lojalt må rette seg etter.

Tingvoll G10. Foto: BGA

 

Publisert: 17. august 2020, 21:01