Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1770 artiklar i dette arkivet.


Skeiseisen på Bordholmen klar til bruk

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 28. november 2021

Medlemmer av Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag, har dei siste dagane nytta kaldvêret til å lage skeiseis på Bordholmen. Todalen Idrettslag har bestilt nye ishockeyvant, men desse er ikkje på plass enda, så foreløpig er det berre skeiseis utan ishockeyvant. 


Todalen I.L. treng hjelp til arkivering

Jon Olav Ørsal Fredag 12. november 2021

Todalen Idrettslag har mykje papir og materiell som har vore teke vare på oppgjennom tida.  Dette «arkivet» har vore meir eller mindre uorganisert, og det har ikkje vore lagt vekt på systematisk arivering eller sortering.  Arkivet har heller ikkje hatt nokon tilgang til fast og varig plassering før no når arkivmaterialet er samla på biblioteket på Surnadal kulturhus. No er det behov for å sortere materialet og finne ut kva som skal takast vare på.  Til dette trengs 2-3 personar som kan gå gjennom og sortere det materialet som er teke vare på.


Leige av gymsalen ser ut til å ordne seg

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. november 2021

Under dagens møte i Surnadal kommunestyre, fremma Lars Inge Kvande (Sp), på vegne av Senterpartiet, eit oversendingsforslag til administrasjonen, der administrasjonen, i samband med budsjettet, blir bedt om å legge fram ei sak om at Todalen Idrettslag skal få leige gymsalen, ved Todalen skule, gratis i 2-3 dagar i veka fram til endeleg etterbruk av skulebygningane er bestemt. 


Bruk av gymsalen ved Todalen skule

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. november 2021

Styret i Todalen Idrettslag søkte tidlegare i år, som det også vart orientert om på medlemsmøtet 20. oktober, Surnadal kommune om å få låne gymsalen ved Todalen skule frå oktober – april til innandørs-aktivitetar. Søknaden var både for organiserte og uorganiserte aktivitetar som mellom anna: «Dame- og gubbetrim», balleik for ungane og volleyball. Konkrete ønske om slike aktivitetar i gymsalen ved skulen kom og fram på medlemsmøtet 20. oktober, men styret i idrettslaget måtte avvente svaret frå Surnadal kommune, på søknaden sin om lån, før dei uttale seg om saka. No har idrettslaget fått svar, og saka vart diskutert på gårsdagens styremøte i idrettslaget. 


Artig med god gammeldags basarstemning – no oppdatert med trekningsliste

Jon Olav Ørsal Sundag 31. oktober 2021

Søndag ettermiddag arrangerte Todalen IL den første basaren er at  vi opna oppatt landet igjen.  Det er meir enn halvanna år sia sist, og det var nok mange som har sakna den sosiale kontakten og basarstemninga som slike arrangement kan bidra med.  Arrangøren skryter av oppmøtet, og kan rapportere at det kom inn totalt kr 33.510 – som kjem vel med for drifta av idrettslaget.


Idrettslagsbasar søndag – Siste dag med førehandssal i dag!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. oktober 2021

I dag er det siste dag med førehandssal til Idrettslagsbasaren på søndag. Mellom klokka 15:00 – 17:30 vil det vere førehandssal av lodd på Matkroken Todalen. I tillegg kan du kjøpe lodd på Vipps 527926 fram til laurdag 30. oktober klokka 18:00. Husk da å skrive kva namn lodda skal skrivast på! Kvart lodd kostar kroner 50,- og da er du med i trekkinga av alle gevinstane på felleslista, og på hovudpremien, som denne gongen er eit gåvekort for to frå Svinvik gard. 


Dametrimmen i gang!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 28. oktober 2021

Vi har motteke ei lita sak frå gårsdagens treningsøkt for damene i bygda, frå ein av dei tidlegare redaktørene våre. For å ivareta treningsiveren vart det krav om full anonymitet for deltakere som tok mot til seg og dukka opp på tidlegare annonsert dametrim i Idrettslagets regi.


«På tur i Todalen» – Turmål nummer 25 på plass

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. oktober 2021

Den digitale trimregistreringa «På tur i Todalen» går så det susar. I dag lanserer difor Trimgruppa den 25. turen, etter tips frå ein ivrig brukar. Om vedkommande tykte at 24 var eit uryddig tal, eller at det var fleire som burde ta den fine rundturen i Øyalia, som var grunnen skal ikkje seiast. Uansett er det no mogleg å registrere seg på Berga, kor ny og gammel skogsveg i Øyalia møtes. Registreringa «ligg» rundt benken her.


Idrettslagsbasar – Førehandssalet i gang!

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 23. oktober 2021

I dag klokka 10:00 starta førehandssalet til Idretttslagsbasaren 31. oktober opp på Matkroken Todalen. Førehandssalet i dag vil foregå fram til klokka 15:00. Kommande fredag, den 29. oktober, vil det vere førehandssal på same stad i tidsrommet frå klokka 15:00 – 17:00.  


Mykje folk og stort engasjement på medlemsmøtet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 21. oktober 2021

Onsdag kveld hadde styret i Todalen Idrettslag kalla inn til medlemsmøte, under tittelen «Todalen IL – Ka no?» i ungdomshuset. Her ville styret i idrettslaget ha medlemmene sitt syn på kva idrettslaget skal drive med i tida framover, både på kort og litt lengre sikt. Og styret fekk god respons, for det møtte opp mange engasjerte medlemmer på møtet. Styret fekk også inn mange forslag til aktivitetar, både aktivitetar som kostar lite eller ingenting å drifte og som er enkle å strarte opp med. Det kom også inn forslag på aktivitetar som krev meir planlegging og investeringar før dei kan realiserast. Styret var kjempenøgd, både med oppmøtet og engasjementet frå dei som møtte opp! 


Idrettslagsbasar 31. oktober

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. oktober 2021

Søndag 31. oktober, mellom klokka 16:00 – 19:00, blir det Idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus. Førehandssalet av lodd tek til på Matkroken Todalen laurdag 23. oktober klokka 10:00 – 15:00 og fortsett fredag 29. oktober på same stad mellom klokka 15:00 – 17:30. Det er også mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926. Kvart lodd kostar kroner 50,-. Ved kjøp via Vipps, hugs å skrive i meldingsfeltet kva namn som skal skrivast på lodda. Hovudpremien denne gongen er eit gåvekort for to personar på Svinvik gard. 


Todalen IL – Ka no?

Astrid L. Kvendset Torsdag 14. oktober 2021

Ja, ka no? 

Med dette meinar vi: Kva skal Todalen Idrettslag bruke ressursane sine på i framtida? Kva skal idrettslaget fokuserer på?