Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn Skimo: Vellukka individuell i Dalalia

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. februar 2022

Vegard Øie gikk til topps i laurdagens konkurranse i individuell på Kårvatn. Vegard leia næast frå start til mål, men fikk kamp heilt til målstreken av Jonathan Albon som kom i mål berre 6 tideler etter Øie.  – Spenning var også knytt til Erik Kårvatn på heimebane.  Han fikk ein fin 2.-plass, 2,42 etter Trym Dalset Lødøen i mål.

Frå fellesstarten i individuell. Starten gikk frå tunet framfor butikken – her stikk gjengen i veg mot Dalalia. Foto Jon Olav Ørsal

Stor rasfare gjorde at arrangøren Trollheimen Fjellsportklubb droppa turen oppå Tydalsnebba, men køyrte heller to runder på løypa opp til punktet «1040» på grunn av rasfare og sterk vind. Dei mesta 40 deltakarane fikk bryne seg på Dalalia to gonger, og det sørga nok for at deltakarane fikk skikkeleg pers på dei to rundane.  Her ha vi lagt ut komplett resultatliste frå dagens konkurranse i Dalalia. 

Erik Kårvatn og Trym Dalset Lødøen har kjempa mot kvarande i heile vinter – i dag var det Trym som trekte det lengste strået. Foto Jon Olav Ørsal

Med rekordmykje snø og godt føre såg dette veldig bra ut, men føret vart nok litt sugande på grunn av dei 7-8 varmegradene som tærte godt på snøen etter kvart. Årets arrangement er det 10 i rekkja som NC og er dermed det eldste nolevande NC-arrangementet her på berget.  

Søndag er det ny konkurrnse – da står vertikal på programmet i Kårvatn Skimo i Dalalia. 

På startnummer 7 var det Aron Rodal Haugen som starta – han får vi nok sjå meir til. Foto Jon Olav Ørsal

Steinar Aarvåg frå Surnadal inne på skifteplassen. Foto Jon Olav Ørsal

Jorit Bjerkeset var teksnisk delegert – her saman med Fredrik Sletten frå Kårvatn Fjellutstyr. Jorid var godt nøgd med både arrangement, arrangør og løparar, og tykte det var godt å kome i gang igjen etter 2 år med restriksjonar for korona. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 26. februar 2022, 16:28