Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongskifte og dugnad på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. april 2022

No blir det ny giv på Bordholmen, med opprusting av deler av anlegget og sesongskifte – våren er under oppmarsj. I dag kom alle bord og bekar ut frå vinteropplaget i reiskapshuset. Det må være eit sikkert vårteikn, og klargjering til 17. mai-feiring med frokost på Bordholmen. I klatrerommet var det støvsuging og full rundtvask.

Klatrerommet har ikkje vore på bruk sia landet vart nedstengt på grunn av koronapandemien, men no forebur idrettslaget opning av klatrerommet igjen, og da er det sjølvsagt naudsynt med full reingjering.  På lagerrommet er det mykje sommarutstyr som no skal fram, og alle bord og benkar er flytta ut i friluft.  I klubbhuset pågikk montering av gassdemparar til vindauga i kiosken.  No vil aktiviteten både ute og inne kome igang igjen litt om senn, etter kvart som vi får ein normal koronasituasjon. 

Klatrerommet har ikkje vore på bruk på 2 år – no skal det få ein skikkeleg rundtvask før det kjem i bruk i gjen, seier Lars Stensby som er snaleggssjef på Bordholmen. Foto Jon Olav Ørsal

Lars Stensby som er ansvarleg for vedlikehald av anlegga fortel at Todalen IL har mange planer for anlegget på Bordholmen.  I reiskapshuset skal ein først og fremst få i gang att klatrerommet, men det skal også byggast om litt og tilpasses dagens behov.  Lagerrommet skal deles opp i fleire rom, der noko skal bli gang, nok0 blir garasje for plenklipparar og merkeutstyr, noko av rommet blir aktivitetsrom.  Sjølvsagt skal mesteparten framleis være lagerrom for idrettslagets utstyr. 

Sjølv om det snødde ute kom bord og benkar ut frå vinterdvalen i dag – Rune Moe og Lars Sæther sørga for flyttinga. Foto Jon Olav Ørsal

Stensby er oppteken av å ta vare på utstyret som idrettslaget har skaffa seg.  Det representerer store verdiar, og det må handterast på ein slik måte at det er innafor regelverket for forsikring og lovgivning.  – Det gjeld for eksempel opplegg med adgangskontroll til utstyr som du brukar på eige ansvar slik som klatrerom og treningsstudio.  

Stensby har ikkje noko framdriftsplan for arbeidet på Bordholmen, men han ser at det nok tek litt tid å få alle ting på plass – vi må nok belage oss på at dette tek litt tid.  

lars Sæther handterte bord og benkar med traktoren. Foto Jon Olav Ørsal

Ola Ansnes monterte gassdemparar i vindua på kiosken – klar for ny kiosksesong. Foto Jon Olav Ørsal

Du får mykje att for å være medlem i Todalen I.L. – vi saksa dette oppslaget i klubbhuset. foto JOØ

Publisert: 2. april 2022, 16:45