Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn Skimo 2022 – Jonathan Albon vart raskast i Dalalia

Jon Olav Ørsal Sundag 27. februar 2022

Under søndagens konkurranse i vertikal var det Jonathan Albon som var raskast til topps på tida 24.14,9, medan gårdagens vinnar Vegard Øie kom på 2.-plass med 24:26.8 – eller 11,9 sekund etter. På tredjeplass kom Petter Engdal med tida 25:55.1.

Start i menn junior og resten av feltet – Trym Dalset Lødøen og Erik tek straks teten frå start, og sikrar seg dagens 3. og 5. beste tid. – Sterke løp av begge to! Foto Jon Olav Ørsal

Men dagens 3. beste tid, 25:03.5 var det junioren Trym Dalset Lødøen som fikk, og på dagens femte beste tid kom junioren Erik Kårvatn med 26:06.3. Beggee gjorde sterke løp som sjølvsagt heldt til 1.- og 2-plass i juniorklassen. I damer senior var Henriette Albon suveren med tiden 31:41.3, og i kvinner junior vart Ida Waldal best med tida 29:22.4. 

Trimklassen – her starta dei to lokale deltakarane Nora Kårvatn og Shan Allan Halle – neste år bør det bli fleire som prøvar seg – ski og utstyr kan du leie i butikkentil Kårvatn Fjellustyr. Foto Jon Olav Ørsal

Dagens løype var også korta ned litt på grunn av mykje vind og rasfare i området.  – Med start i gardstunet på Kårvatn gikk løypa opp forbi Storsvaet, til målgang på ein høgde på rundt 750 mho – altså god og vel 500 effektive høgdemeter, og på dagens vertikal var det 28 deltakarar med.  

Vi har lagt ut komplett resultatliste Kårvatn Skimo, og den kan lastes ned her.  Vi kjem etter kvart med eit bildegalleri frå helgas arrangement.

Frå gårdagens arrangement har Trollheimen Fjellsportklubb lagt ut mange fine bilder som kan lastes ned eller vises – alle bilder frå Lediard Foto

 

 

Premieutdeling menn senior – fra venstre Vegard Øie, Jonathan Albon og Petter Engdal. Foto Jon Olav Ørsal

Premieutdeling menn junior – fra venstre Erik Kårvatn og Trym Dalset Lødøen. Foto Jon Olav Ørsal

Aron Rodal Haugen i klasse 15-16 år – klarte 3.-plassen i menn junior i dag. Foto Jon Olav Ørsal

Det var god temperatur, og tidvis ein og anna solgøtten i dag. Her ser vi start og målområdet – rett utfor butikken. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 27. februar 2022, 14:07