Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1778 artiklar i dette arkivet.


Beitedyr ved traseen i Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. oktober 2022

Todalen Idrettslag opplyser om at det no går beitedyr ved traseen til Toåa tursti. Det er i samband med dette sett opp grind, som kan opnast, der øvre sti ned til Gunnøya tek av. Grinda kan som sagt opnast, men må også stengast når ein har gått igjennom, slik at beitedyra ikkje «stikk av»!


Balleik i gymsalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. oktober 2022

Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer torsdag 27. oktober klokka 18:00 til 19:00, til balleik i gymsalen ved Todalen Oppvekstsenter. Tilbodet er spesielt retta mot barn og unge i alderen 6 – 16 år.


Beitedyr ved Toåa tursti – ta hensyn

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. oktober 2022

Det går no sauer på beite ved deler av traseen til Toåa tursti. Todalen Idrettslag oppfordrar difor alle som går tur i Toåa tursti, om å ta hensyn til dette, slik at sauene ikkje blir skremt. Spesielt gjeld dette for dei av oss som går tur med hund.


Bli med på revy i romjula!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. oktober 2022

Todalen Idrettslag har lange tradisjonar med å arrangere fest med revy i romjula. På grunn av koronaen er det no nokre år sidan siste gong det var fest med revy, men i romjula i år ønsker idrettslaget å prøve på att med revy, men da trengst det folk til å vere med!


Konstruktivt medlemsmøte med stort engasjement

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. oktober 2022

I går kveld hadde styret i Todalen Idrettslag kalla inn sine medlemmar til medlemsmøte i Todalen ungdomshus. Bakgrunnen for møtet, var at styret i idrettslaget, ønskte å høyre kva for aktivitetar medlemmane ønsker at idrettslaget skal drive med i framtida og korleis desse skal organiserast. Knapt tretti medlemmar møtte opp. «Det vart eit positivt møte med mange gode diskusjonar og innspel», sa leiar i idrettslaget Elinor Bolme etter møtet. «Vi fekk mange gode innspel og forslag, som styret no skal arbeide vidare med fram mot årsmøtet neste år», la ho til.


Solarium til sals

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 2. oktober 2022

Tykkjer du at det var for lite sol i sommar? Da har du no sjansen til å kjøpe deg eit solarium, for å bøte litt på dette! Todalen Idrettslag skal nemleg selge solariumet som har stått på Hett & Svett. Solariumet er av typen Sunvision, og ligg ute på finn.no til kroner 4.800,-.


Ny «trimsesong» startar i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. september 2022

Todalen Idrettslag sin trimapp «På tur i Todalen», som vart intordusert 1. oktober 2021, har vore ein stor suksess. 175 registrerte brukarar har registrert godt over 13500 registreringar «trimåret 2021/22» som blir avslutta ved midnatt no i dag. Med bakgrunn i dette har Todalen Idrettslag bestemt seg for å vidareføre trimpoengappen også for perioden 1. oktober 2022 – 30. september 2023.


Minner om medlemsmøte onsdag 5. oktober

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. september 2022

Onsdag 5. oktober klokka 19:00 kallar styret i Todalen Idrettslag, som tidlegare annonsert, inn sine medlemmer til medlemsmøte i Todalen ungdomshus. Her ønsker idrettslaget å få medlemmene sine meiningar om kva idrettslaget skal drive med i framtida, og ikkje minst kva medlemmene sjølv kan bidra med for å vere med på den aktive drifta av idrettslaget. 


Vegen til Tjønnmyran er steng på grunn av trefall

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. september 2022

På vegen opp til lysløypa/trimløypa på Tjønnmyran er vegen no stengt på grunn av trefall.  Årsaka til trefallet er at bekken som går ned ombreidd med vegen har stor vassføring, og har gravd ut såpass med masse at det har ført til trefall over vegen.  Det er mykje vatn i omløp no, og elva er […]


Kallar inn til medlemsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. september 2022

Onsdag 5. oktober klokka 19:00 kallar styret i Todalen Idrettslag inn sine medlemmer til medlemsmøte i Todalen ungdomshus. Her ønsker idrettslaget å få medlemmene sine meiningar om kva idrettslaget skal drive med i framtida, og ikkje minst kva medlemmene sjølv kan bidra med for å vere med på den aktive drifta av idrettslaget. 


Sesongens siste kamp på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. september 2022

I kveld vart sesongens siste fotballkamp spela på Bordholmen stadion. Og ein kan trykt seie det vart ei fuktig og kald oppleving, for både spelarar og publikum, da Søya/Todalen J/G 8 spela seriekamp mot Surnadal G8 kvit. 


Fotballkamp på Bordholmen onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 11. september 2022

Onsdag 14. september klokka 18:00 er det klart for lokaloppgjer i fotball på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen sitt J/G 8 lag seriekamp mot Surnadal hvit.