Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

.Adventlotteri – nittande trekning måndag 19. desember

Jon Olav Ørsal Måndag 19. desember 2022

I dag startar vi på siste veka med Adventlotteri – siste dagen er nemleg laurdag når vi skal opne luke nr 24 – da blir det finale.  Men først må vi ta dagens luke, som nummer 19, og i dag var det faktisk heile 3 gevinstar!  Den første var eit par pulsvarmarar som var vunne av Pestua – og blir det like kaldt i jula som det har vore den siste veka, så blir dei gode å ha.  Spennande med to gevinstar til i dag – den andre ….

Nystekte lefser – vinnar vart Karen Johanne Talgø på Vestrum. Foto TIL trim

Den andre gevinsten var nystekte lefser – aldeles i rett tid for å bli kaffemat til jul.  Heldig vinnar vart Karen Johanne Talgø på Vestrum 

Den tredje gevinsten som var trekt ut i dag var ein strikkagenser og longs i ull – gode og varme klær som hamnar i Surnadal ettersom det var Roger Stormyr  som vart vinnar.  Roger er til dagleg å finne på ordrekontoret på Talgø MøreTre.  

Varme klær – genser og longs vart gevinsten til Roger Stormyr. Foto TIL trim

Først publisert: 19. desember 2022, 08:00 - Sist oppdatert: 13. desember 2022, 19:56