Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Adventlotteri – syttande trekning laurdag 17. desember

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. desember 2022

Ny trekning og nye gevinstar er klare for å spre glede rundt om kring til alla kjøparar av adventlodd i bygd og by.  I dag er det også 3 gevinstar som er trekt ut – den første gevinsten er eit innrama bilete med solnedgang uti «fysnå»  – utsikt frå området ved Talgøsetra. Den heldig vinnar vart Peder Klingen Talgø som bur i Trondheim, men som har bestemor i Andersstua som kanskje er loddkjøpar?  Den andre gevinsten er ein bunt med heimbaka flatbrød som er klar for å bli tilbehør til julemiddagen…….

Dagens andre gevinst var ein bunt med heimbaka flatbrød som altså hamna i Øyagrenda hos Ragnhil A. Moe på Kvernhaugen. Foto TIL trim

Den heldige vinnaren av gevinst nr 2 med heimbaka flatbrød er Ragnhild Ansnes Moe, på Kvernhaugen i Øyagrenda. 

Ein boks med heimbaka kjeks – vinnar vart Rita Storslett. Foto TIL trim

Den tredje gevinsten er ein boks med heimbaka kjeks – godt til kaffen både før jul og i romjula – den heldige vinnaren er Rita Storslett, som er godt kjent på Todalsøra/Ytterbaugen. 

Publisert: 17. desember 2022, 08:00