Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Førjulsgåve til dei vaksne – etterjulsgåve til dei unge

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. desember 2022

Onsdag kveld vart den nye massasjestolen på Hett & Svett sett på plass og er no klar for bruk. Dette er eit tilbod som har vore sterkt sakna ein periode, men no er altså heilt ny stol på plass. Stolen er levert av Sparmax. 

Brukarmanualen er på engelsk og ligg ved sida av massasjestolen. Det er fire massasjeprogram, og det er mogleg å koble til telefonen, for å høyre på musikk samtidig som ein blir massert. Dette krev USB-kabel, noko ein må ta med sjølv.

Da er det berre å ta turen innom Hett & Svett og få litt massasje og avkopling frå juleførebuingane! 

Jakob har sendt brev til styret i Todalen Idrettslag. Bra med ungt engasjement. Foto: Line Kvendset

I starten på veka, fekk Todalen Idrettslag eit hyggeleg brev frå ein ung og ivrig fotballspelar. I brevet spurte han om idrettslaget kunne kjøpe inn ein rebounder, ein fotballmur og nokre ballar. Saka har vore diskutert i styret i idrettslaget, og det vart lett å bli samde om at idrettslaget vil imøtekomme eit ønske frå eit ungt og engasjert medlem, som tek initiativ for å skape aktivitet for dei unge.

Difor vil det, ut på vårparten, bli kjøpt inn rebounder, fotballmur og fotballar, så da blir dette ei slags etterjulsgåve til dei unge. 

 

 

Publisert: 15. desember 2022, 10:00