Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Adventlotteri – sekstande trekning fredag 16. desember

Jon Olav Ørsal Fredag 16. desember 2022

Denne dagen er det tre gevinstar i Adventlotteriet som Todalen I.L. arrangerer  – som vi har skrive tidlegare er det berre kortreiste gevinstar, og Trimgruppa har opplevd ei stor gjevarglede hos dei lokale gjevarane.  Stor var også interessa for å kjøpe lodd i Adventlotteriet, noko som skaffa Todalen I.L.s trimgruppe eit loddsal på overkant av 28.000 kroner – som er ein flott innsats.  Vinnar denne veka Sidsel Ramsøy på To av gevinstane – ho vart den heldige vinnar av ein heimestrikka buff og eit par Selbuvottar i barnestørrelse.  Når det gjeld den tredje gevinsten som er ein bilde/kunstverk….

 

Sidsel hadde dobbelflaks denne dagen og vann to av dei tre gevinstane bak luke 16. Foto TIL trim

Flaks hadde også Ståle Ansnes som kjøpte vinnarlodden for dette bildet/kunstverket som var tredje gevinst bak luke 16. Foto TIL trim

Så var det Ståle Ansnes som vart den heldig vinnaren.  Vi reknar med at Ståle har ein ledig veggplass heime i Øya?

Først publisert: 16. desember 2022, 08:00 - Sist oppdatert: 10. desember 2022, 09:36