Inviterer til «adventsmiddag» første søndag i advent
Søndag 3. desember frå klokka 15:30 (rett etter lysmessa i kyrkja) – 18:00 inviterer Todalen Idrettslag til «adventsmiddag» i Todalen ungdomshus. Da sel idrettslaget elghakk, trollkrem og kaffe, så da er det berre å ta turen til ungdomshuset til ein sosial og god middag!