Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen historielag Arkiv

Vi fann 286 artiklar i dette arkivet.


Samla 60 til kulturvandring på Hjellnes

Jon Olav Ørsal Sundag 22. mai 2016

Todalingane har stor interesse for å ta vare på bygdehistoria si – søndag samla Todalen historielag rundt 60 deltakarar på kulturvandringa som denne gongen foregikk på Hjellnes, der vi både fikk sjå å høre om historia for dei to gardane – Nestua og Oppistua. – Dei eldste husa som står på Hjellnes i dag er frå midten av 1800-talen, men det er dokumenter aner attover til 1645.


I dag: Kulturvandring på Hjellnes kl 12

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. mai 2016

Søndag 22.mai kl. 12.00 er det klart for årets første kulturvandring i regi av Todalen historielag.  Da går turen til Hjellnes, der det blir kulturvandring på gardane Nestua og Oppistua. På Hjellnes er det mykje gamal historie, som historielaget gler seg til å dele med sine medlemar og andre som har lyst til å bli med. […]



Torsdag: Historielaget med årsmøte den 31. mars

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. mars 2016

Årsmøta går «slag i slag» i dei ymse lag og foreningar. Denne gongen er det Todalen historielag som melder om årsmøte som er dagsett til torsdag 31. mars. Det skjer i todalen ungdomshus kl 19.30, og her kan du lese meir om det som skjer på årsmøtet.


Interessant og triveleg fimkveld

Dordi Jorunn Halle Torsdag 3. mars 2016

Onsdag andre mars inviterte Todalen historielag til filmkveld i Ungdomshuset. Filmen som stod på programmet, var svært så lokal. Hovedpersonen i filmen er Gudmund Halle frå Kårvatn, intervjuar er Olav Kvendset og filmskapar er Svein Åge Saksen. Filmen vart teken opp i 1994 da Gudmund var 81 år, og tema for filmen var kraftverk og kraftutbygging. Gudmund […]


Filmkveld med tema kraft og kraftutbygging

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. februar 2016

Komande onsdag – 2. mars kl 19.30 – inviterer Todalen historielag til filmkveld i Ungdomshuset, der temaet er kraft og kraftutbygging i Todalen. Det er eit filmopptak som Svein Åge Saken gjorde av Gudmund Halle, der han vart intervjua av Olav Kvendset i 1994. I løpet av samtalen og opptaket, rekk dei å innom mange deltema og får vel med den viktigaste delen av historia om kraftproduksjon og kraftutbygginga i Todalen.


I dag: Historielaget inviterer på ettermiddagskaffe…

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. januar 2016

Todalen historielag inviterer til den tradisjonelle og populære ettermiddagskaffen søndag 24. januar. Det skjer i Todalen ungdomshus frå kl 14.00 og utover dagen. Tema for ettermiddagskaffen denne gongen er «Du skal ikkje tru alt du ser!», og det er Einar Oterholm frå Halsa, som kjem til ungdomshuset med sitt kåseri denne ettermiddagen.


Tok ein pause i julestrida

Jon Olav Ørsal Sundag 13. desember 2015

Søndag ettermiddag var det tid for å ta ein pause i julestrida og treffast til sosialt lag i Todalen ungdomshus. Ragnhild Ansnes Moe kunne ønske nærare hundre sambygdingar velkomen til denne adventkafeen og spesielt velkomen til dei er nye innflyttarar. Dei eldste i barnehagen og skuleungane markerte starten på arrangementet med Luciatog og flott song på Luciadagen.


I dag er det adventskaffe i Ungdomshuset!

Elinor Bolme Torsdag 10. desember 2015

Søndag ønsker Todalen Sanitetsforning, Todalen Historielag, Todalen IL, FAU, PT-utvalget, Skustuas venner og Start 4H til velkomne til adventskaffe i ungdomshuset. Der blir det muligheit for eit pust i førjulsbakken og ikkje minst til å treffe naboar og bygdefolket over ein enkel kopp kaffe.


Adventskaffe også i år

Elinor Bolme Laurdag 5. desember 2015

Også i år ønsker ulike lag og organisasjonar velkomne til adventskaffe i ungdomshuset der det blir muligheit for eit pust i førjulsbakken og ikkje minst til å treffe naboar og bygdefolket over ein enkel kopp kaffe.

Arrangementet er lagt til luciadagen den 13. desember, og i den anledning blir det naturlegvis eit luciatog av dei eldste i barnehagen og alle skuleungane.


Premiere for årsskrift nr 14 i rekkja…

Jon Olav Ørsal Sundag 15. november 2015

Laurdag ettermiddag var det bokslepp i regi av Todalen historielag, som hadde premiere for årsskrift nr 14 i ungdomshuset. Det er stor interesse for historielagets arbeid og eit femtilals interesserte deltok på boksleppet. Det var leiar John Moe som ønska velkomen, medan Dordi Jorunn Halle orienterte om arbeidet med innsamling av stoff og bilder, som danner grunnlaget for årsskrifta.


I dag: Historielaget med årets «bokslepp»

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. november 2015

Komande laurdag, 14. 11. kl 14.00, inviterer Todalen historielag til årets bokslepp i Todalen ungdomshus. Da kan dei by på premiere for «Årsskrift for 2015» som dei får rykande ferskt frå trykkeriet. Det nye årsskriftet er nr 14 i rekkja og inneheld 84 sider med interessant og god lokalhistorie mellom permane. I tillegg byr dei på lysbildeserie frå lagets eige fotoarkiv, og sjølvsagt blir det salg av kaffe med nystekte bakels og smørgraut.