Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Krafttak mot kratt

Elinor Bolme Laurdag 22. oktober 2016

Dei to siste åra har det etter initiasjon frå Todalen sanitetsforening, vore samarbeid mellom fleire lag i bygda om eit arrangement kalla Førejulstreff eller Internasjonal-kaffe i Ungdomshuset. Intensjonen har vore at alle todalingar og spesielt dei nyinnflytta skulle inkluderast under eit uformelt kaffelag med smakar frå forskjellige land, litt underhaldning og så bortetter. Evalueringane viser at dette ikkje har vore dei aller sveraste arrangementa i historia, så no tenkjer lag og foreningar i bygda nytt.

For det er fortsatt stor tru på at samarbeid og felles prosjekt styrkar samhaldet og trivselen til folket i bygda vår. Dermed fekk prosjektet «Krafttak for kratt» sjå dagens lys i Todalen Sanitetshus måndag kveld. Her er intensjonen å laga ein felles stor dugnad for å rydde kratt inn mot Todalen. For som hovedbildet viser er ikkje utsikta inn til bygda så god frå tunnelen og innover lenger.

img_8742

Representantane frå dei ulike laga som no dreg til med prosjektet: Todalen Sanitetsforening ved Elinor Bolme, Ragnhild Ansnes Moe og Kristine Saksen Ulvund, Steinar Frøystad (Todalen Idrettslag) Terje Nordvik og Carsten Bohle (PT-utvalget) og Ola Bruset (Elvaeigarlaget). Todalen historielag og Todalen Bondelag er også med i prosjektet. Foto: grunneigar og kjentmann Johan Todalshaug.

Del 1 «Krafttak for kratt»

Todalen er kjent for si dugnadasånd, men prosjektgruppa ser nok at deler av denne ryddinga bør gjerast av profesjonelle, som gjer at ein bør ha litt økonomi i botnen. Her har prosjektgruppa vore i kontakt med Skog Kompaniet om prisoverslag for den ytste delen.

I den anledning inviterer gruppa til søndagsmiddag med julegrantenning:

  • Søndag 11.desember i Ungdomshuset frå kl.14:00 – 17:00 er det åpe hus i Ungdomshuset med salg av middag og dessert.
  • Utlodning.
  • Julegrantenning kl 17: PT-utvalget flytar arrangementet frå L.Hals og tek det på Ungdomsstubakken.

Del 2 «Krafttak for kratt»

Del to er tenkt til våren, med den praktiske delen av ryddinga av kratt frå tunnelen og innover stranda. Effektiviteten kjem her an på om pris frå entreprenør og ønske av grunneigarane.

krafttak mot kratt

Tidlegare har ryddinga vore frå parkeringsplassen i stranda og innover. Behover er også tilstades lengre ut.

Publisert: 22. oktober 2016, 09:25