Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vangsgutane på Norge Rundt- for 26 år sidan

Elinor Bolme Onsdag 23. november 2016

Av og til dukkar det opp ein godbit frå gamle arkiv. Denne gongen var det eit innslag frå Norge Rundt den 21. desember 1990 som fanga interessa. Denne sendinga hadde eit innslag frå Todalen, sidan Vangsgutane fylte 50 år dette året. Todalingane hadde naturleg vis dramatisert eit av stykkja som vart sendt i beste sendetid.

Programleiar Thor Øistein Eriksen tek oss til Todalen saman med Kåre Halse og dei har også intervjua fleire todalingar på turen. Sjå heile innslaget på NRK:Vangsgutane 50 år 

vangsgutane

Posttjuven hadde vore på ferde….

vangsgutane

Posttjuven hos Moster Ane for å handle. Tor Holten er tjuven og Ingrid Todalshaug Ørsal er Moster Ane.

 

 

Publisert: 23. november 2016, 09:51