Det vart ei triveleg førjulssamling i ungdosmhuset søndag. Krafttak for kratt var dagens tema, og jammen vart det eit krafttak. Rundt 25.000 blanke kroner kom inn til aksjonen som skal settast i gang når det lir til vårs. Da skal krattskogen til pers. Kjøkkengjengen fikk salg på 80-90 porsjonar med saltkjøtt og kårabistappe, og det var god stemning og praten gikk lett rundt borda…..
Kjøkkenpersonalet fekk mykje skryt for middagen dei trakterte- saltkjøtt med kålrabistappe, og riskrem til dessert var populært tiltak. Til tider var det skikkeleg hektisk på kjøkkenet, men serveringa gikk unna og folk var godt nøgde.

Rundt bordet – Knut Halset, Tor Holten, Per Reiten, Ståle Ansnes, Sven Olav Svinvik, Kari Kvendset, Maren Ansnes og Anne Helene Halset. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal
Dette arrangementet var eit samarbeidprosjekt mellom lag og organisasjonar i Todalen, og det var nok ein god ide – det betyr mykje å gjera ting i lag, og responsen var god. Etter at middagen var servert, vart det trekkjing av sanitetens hovudgevinst – dokka Tora med full garderobe. Mange jenter har nok kika og drømt, men resultatet av trekkjinga vart Steinhaugen – Ragnar og Eldbjørg som vart vinnarar! Saniteten delte også ut den tradisjonelle lykkeskillingen til dei som er fødde i løpet av året. Akkurat dette såg dårleg ut i begynnelsen av året, men Håvard og Siri tok ansvar og sikra årgangen med ein gutonge i forrrige veke. Storesøster Sigrid Edle tok i mot lykkeskillingen på vegne av lillebror som altså vart fødd sist torsdag.

Sanitetsens lykkeskilling. Sigrid Edle tok i mot på vegne av lillebror som berre var ca 10 dagar gammel. Her saman med far Håvard og sanitetens Kari Kvendset. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal
Så var det Luciatog – elevane på Todalen oppvekstsenter kom på visitt, og markerte Luciadagen med eit skikkeleg fint Luciatog – eit par rundar rundt i salen før det vart samling på scena og photosession til ære for Todalen.no. Heilt på tampen vart det julegrantenning utafor ungdomshuset – her var det servering av gløgg og jammen kom ikkje nissane også. Dei hadde med seg pakkar og var utruleg populære blant borna.

Trimmarar som fekk kvar sin kopp for deltakinga. Nokre hadde flest turar og andre var trekte ut. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Dokka Thora – med komplett garderobe. Trekt ut på nr 236 som var Steinhaugen. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Steinar Frøystad er leiar i Todalen I.L. denne dagen var han plassert i oppvasken, men tok det med godt humør. Foto:Driva/Jon Olav Ørsal

….og sjølvsagt var det julenissar- Nathalie Astrid drista seg til eit foto i lag med nissane. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal