Utstilling heile påska
Torsdag opna utstillinga til Sissel Halset Storslett og Reidar Østvik i Skulstuå. Mange tok turen innom i det fine påskevêret
Vi fann 72 artiklar i dette arkivet.
Torsdag opna utstillinga til Sissel Halset Storslett og Reidar Østvik i Skulstuå. Mange tok turen innom i det fine påskevêret
I dag er det mykje som foregår i Todalen. I 2. etasje i Skulstuå var det klesbyttedag, kor ein kunne gjere fleire gode «kupp» utan å betale ei krone. Maria Hagerupsen Halle og Astrid Longva Kvendset var primus motorer, og hadde på førehand fått samla inn mykje fint både av sko, klær og litt smykkesaker i ulike størrelsar.
Skulstuå i Todalen minner om sin klesbyttedag søndag 10. mars. Her oppfordrar dei til å hente fram klær frå «glemselen» som kanskje andre kan ha nyte og glede av under sin «Klesbyttedag». Dette er IKKJE ei klesinnsamling, men ein byttehandel. Har du ikkje eigne egna plagg å ta med deg dit kan du likevel komme og sjå om du finn noko å ta med heimatt.
Barnehagen opnar utstilling i «Skulstuå» fredag 9/6 kl 14, og held ope til kl 16 på ettermiddagen. Dei håper at mange tek turen innom for å sjå noko av det som barnehagebarna har måla og teikna i løpet av våren. I vinter har barnehagen vore så heldige å fått sett utstillingar med Sissel H. Storslett og Reidar Østvik, og dei vart inspirert til å laga si eiga utstilling.
I dag var det fotoutstilling i Skulstuå. Og ved åpning klokka 13 vart det nesten for lite plassar til alle som kom og ville sjå salgsutstillinga til Reidar Østvik. Han hadde med seg godt og vel 30 bilder, som vart godt motteke av dei som tok turen.
Reidar Østvik, Elvestad, ønsker alle velkomne til salgsutstilling i Skulstuå komande laurdag 18. februar kl 13-17.
I dag er det kunstutstilling i Skulstua (Gammelskulen). Det er første gongen at Skulstua er bruka til kunstutstilling, og det er kunstnaren Sissel Halset Storslett som stiller ut 22 av sine måleri på denne premieren. – Utstillinga er opa frå kl 12 og utover til kl 16, så det er berre å hive seg rundt og ta ein tur.
Laurdag ettermiddag markerte Start 4H at det var sesongslutt og tid for mønstring til haustfest. Start 4H hadde i år rigga til haustfest i Skulstuå (Gammelskulen), og det hadde dei gjort for å få vise fram det nye klubbrommet som dei har jobba med det siste året. Heile gjengen har nemleg klubbrommet som 4H-oppgåve og […]
Vi har tidlegare omtale birøktarkurs i Skulstuå, og delvis trefte vi att same gjengen i Skulstuå i dag. På dagsorden stod førebuing til overvintreing og handertering av honningen som biene har samla i løpet av sommarsesongen. Samlinga skjedde i regi av Nordmøre birøktarlag, og det var Anders Talgø som var kursleiar for kurset som går på andre året.
Søndag ettermiddag var det tid for å ta ein pause i julestrida og treffast til sosialt lag i Todalen ungdomshus. Ragnhild Ansnes Moe kunne ønske nærare hundre sambygdingar velkomen til denne adventkafeen og spesielt velkomen til dei er nye innflyttarar. Dei eldste i barnehagen og skuleungane markerte starten på arrangementet med Luciatog og flott song på Luciadagen.
Søndag ønsker Todalen Sanitetsforning, Todalen Historielag, Todalen IL, FAU, PT-utvalget, Skustuas venner og Start 4H til velkomne til adventskaffe i ungdomshuset. Der blir det muligheit for eit pust i førjulsbakken og ikkje minst til å treffe naboar og bygdefolket over ein enkel kopp kaffe.
Også i år ønsker ulike lag og organisasjonar velkomne til adventskaffe i ungdomshuset der det blir muligheit for eit pust i førjulsbakken og ikkje minst til å treffe naboar og bygdefolket over ein enkel kopp kaffe.
Arrangementet er lagt til luciadagen den 13. desember, og i den anledning blir det naturlegvis eit luciatog av dei eldste i barnehagen og alle skuleungane.