Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg «kaffeslabberas» i Skulstuå

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 18. februar 2023

I dag, mellom klokka 12:00 – 15:00, inviterte «Venner av Skulstuå» til «kaffeslabberas» i Skulstuå. Mange nytta høvet til å ta ein tur innom for ein kopp kaffe, noko godt å bite i, og sosialt samvær, noko som passa godt på ein dag med ikkje det beste vêret for uteaktivitetar. 

Mange hadde teke turen for å kose seg med kaffe, bakels og graut, kaker og muffins. Foto: B G Ansnes

Det var sal av kaffe, bakels med graut, kaker og muffins, så her var det noko for ein kvar smak. Ungane hadde eige langbord med spel, teiknesaker og leiker. Ungane fekk kakao, så her var det høg «trivselsfaktor. 

Publisert: 18. februar 2023, 15:30