Todalen.no held koken
Onsdag kveld hadde Todalen.no sitt årsmøte i Skulstuå, med vanlege årsmøtesaker til handsaming. Årsmeldinga viste at nettrafikken har vore på det jamne, og det har og medlemsmassen vore.
Vi fann 98 artiklar i dette arkivet.
Onsdag kveld hadde Todalen.no sitt årsmøte i Skulstuå, med vanlege årsmøtesaker til handsaming. Årsmeldinga viste at nettrafikken har vore på det jamne, og det har og medlemsmassen vore.
Skulstuå i Todalen ynskjer atter velkomne til dans i Todalen ungdomshus tysdag 28. april klokka 19:00 – 21:00. Kurset passar for folk i alle aldrar og nivå, både for dei med «nedarva polsfot» og for dei som ikkje har danseerfaring frå før.
Måndag 13. april var heile 18 danseglade personar samla i Todalen ungdomshus. Her vart det instruksjon både i polsdans og andre tradisjonsdansar.
Skulstuå i Todalen ynskjer atter velkomne til dans i Todalen ungdomshus måndag 13. april klokka 19:00 – 21:00. Kurset passar for folk i alle aldrar og nivå, både for dei med «nedarva polsfot» og for dei som ikkje har danseerfaring frå før.
I haust arrangerte Skulstuå i Todalen kurs i Polsdans frå Nordmøre i Todalstradisjon og 40 nye danseglade polsdansarar frå Kautokeino i nord til Peru i sør fekk lære den vakre dansen! Rune Hanem med fylje kjem igjen frå Meisingset til Todalen for å halde kurs i polsen, og no utvida med gamaldans attåt.
Onsdag 11. februar klokka 18:00 startar Venner av Skulstuå i Todalen oppatt med bøt & bedring i Skulstuå. Ta fram «hållåte» og slitte klede som treng å bli bøtt.
I førre veke hadde Todalen besøk frå Ytre Kunstfagskole. Då dei i fjor var på eit dagsbesøk, vart opphaldet denne gongen eit meir fordjupande møte med staden. Besøket starta i Molde, der studentane fekk omvisning i utstillinga Doggerland av Siri Skjerve og Toril Redalen ved Møre og Romsdal Kunstsenter. Omvisninga var òg eit ope publikumsarrangement og danna eit naturleg utgangspunkt for vidare arbeid i Todalen.
Det er Rune Hannem som seier det – no er det berre Nordmørspols etter Todalstradisjon som er att, og alle dei andre variantane er borte. Derfor inviterte Rune Hannem og kona Jorun seg til Todalen for å arrangøre Polsdanskurs. Søndag kveld var det rundt 20 deltakarar som svinga seg til takter frå Torgeir Leivdal som trakterte fela i gymnastikksalen i bygningane til Todalen skule.
Den entusiastisk stordansaren Rune Hanem med fylje, kjem frå Meisingset til Todalen for å halde kurs i Todalspols. Han ynskjer no å lære frå seg denne fine dansen, som han sjølv fekk lære av polsdansarar frå Todala for mange år sidan. «Den har så mange gamle vendingar som ikkje finst lengre i nokon dans i landet», fortel Rune som ynskjer at nye generasjonar skal få lære denne polsen.
Det vart ein forsiktig start på sesongens første arrangement med «Bøt og bedring» i Skulstuå, men det vart likevel ein triveleg kveld med fyr på peisomnen og bøting av gamle klede og litt kortspell utover kvelden – og sjølvsagt vart det kveldsmat etterpå.
Torsdag 18.september kl.18 startar vi oppatt med bøt & bedring oppi Skulstuå. Ta fram «hållåte» og slitte klede som treng å bli bøtt. Kortstokken er nyblanda og klar for eit slag amerikaner.
Sol ute, interessant og lærerik dag inne. Skulstuå i Todalen inviterte til kulturdag laurdag 30. august med foredrag om lærar og kyrkjesongar Kristian Halse.