Motivert til å satse vidare på nasjonalt nivå!
Rando-VM i Villars, Sveits nærmar seg slutten der dei i dag har konkurrert i greina vertikal. Todaling på startstreken også i dag, med gode prestasjonar i ei krevande løype. Dagens trasé var kanskje ikkje heilt etter «malen» som Todalen IL brukar, fortel Gudmund Kårvatn frå hotellet i Villars. – Traseen var til tider veldig bratt, og dertil veldig slak i andre parti, fortel han. God teknikk på diagonalgang var eit fortrinn, og ikkje minst valg av feller. Her vart det derfor lurt å velgje feller med god glid, framfor godt feste.