Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordvik Grendalag Arkiv

Vi fann 177 artiklar i dette arkivet.


Seterrenn i regnvêr

Seterrenn i regnvêr

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. april 2011

Eit lite hundretals deltakarar trossa vêrmeldinga med regnbyger og dro til Nordviksetra på seterrenn skjærtorsdag. Yr.no meldte om regnbyger fra kl 12.00 og de første regndråpene kom samtidig med starten på langrennet. Vêret og vêrmeldinga dempa nok publikumstiltrømminga, men den klarte ikkje å dempe steminga for deltakarane. 48 deltakarar på langrennet må ein være nøgd med under slike forhold. Det var sett opp idealtid, der Anita B. Nordvik gikk til topps med eit sekund avvik. I barneklassen var det Jonas Holten som var nerast med 24 sekund i avvik mot idealtida.

Les heile saka

Tradisjonelt seterrenn

Tradisjonelt seterrenn

Jon Olav Ørsal Måndag 18. april 2011

Nordvik grendalag trør til med tradisjonelt seterrenn skjærtorsdag (21. april). Det er 83. gong det arrangeres seterrenn i år og på programmet står både langrenn, kulerenn og hopprenn. Den som ønsker kan få busstransport frå Nordvik forsamlingshus og opp til høgde med setra kl 10.30 og 11.15.(Det blir fleire turar dersom det er behov). Det blir salg av pølser, saft og kaffe, samt loddsalg.

Les heile saka

Litt polarhistorie

Litt polarhistorie

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. mars 2011

Da redaksjonen fekk e-posthelsing frå Lars Stensby om at han var på Svalbard, fekk han umiddelbart svar og beskjed om å ta bilde av den gamle kyrkjeklokka i Longyearbyen. Den har nemleg ei historie med lokal preg, noko som ikkje så mange kjenner til? Ein nordvikgarding var nemleg delaktig i arbeidet med den første kyrkjeklokka som var i bruk i Longyearbyen, nemleg klokkestøyparen Ola T. Polden frå Åsbøhagen på Nordvik.

Les heile saka

Sildball-dag på Nordvik

Sildball-dag på Nordvik

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mars 2011

Laurdag var det silballdag i forsamlingshuset på Nordvik, og nordvikgardingane gikk «mann av huse» for å være med på dette kulinariske måltidet. Og det var laga ei skikkeleg «ballfole» denne gongen, for på fjorårets balldag gikk grytene tomme før alle hadde fått forsynt seg. Men i år vart det nok, og underteikna kan bekrefte at […]

Les heile saka

Kafékonsert med Tordenskjold

Kafékonsert med Tordenskjold

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. mars 2011

Onsdag kveld gjesta Tordenskjold Nordvik forsamlingshus med sin kafekonsert. Eit trettitals tilhørarar som hadde funne vegen til forsamlingshuset, fikk full uttelling for kvelden med flott korsong krydra med visesong og triveleg samvær. Repertoaret for Tordenskjol spente fra norske folketonar, via europeiske og amerikanske tonar til allsong i lag med koret. Tordenskjolds dirigent Elin Persson klarte å binde programmet godt saman med sine muntre forteljingar, og varierte med å traktere piano til og bruke Elin Blomstrøm på gitar til songen.

Les heile saka

Kafékonsert i Nordvik grendahus

Kafékonsert i Nordvik grendahus

Jon Olav Ørsal Fredag 18. mars 2011

Onsdag 23. mars kl 19.30 blir det «Kafekonsert» med Tordenskjold  i Nordvik grendahus. Det er gratis inngang og salg av kaffe og mat. Loddsalg er det også. Nokre gjesteinnslag vil det også kome fra scena, kanskje noko gammelt revystoff, skriv Lars Husby i ei melding til Todalen.no.


Avansert fjøsstell

Avansert fjøsstell

Ole Petter Talgø Onsdag 16. mars 2011

Tirsdag ble det arrangert kurs for avløsere hos Oddvar Mikkelsen i samdriftsfjøset på Nordvik. Temaet var melkeroboter, som det blir stadig flere av både i Norge og i Surnadal. I dag er det fire melkeroboter i Surnadal.

Les heile saka

Nordvikstranda i 1963

Nordvikstranda i 1963

Jon Olav Ørsal Fredag 11. mars 2011

Her viser vi ein unik bildeserie med flyfoto fra Nordvikstranda. Det er flyfoto fra 1963, da både Nordvik og Todalen var fotografert frå lufta. Studer bilda så vil du nok sjå at det er mykje som er forandra på 48 år. Det er kome nye hus, og gamle hus er borte, medan nytt boligfelt er kome og vegtraseen gjennom Nordvikgarden er endra og retta opp. Tilsaman er det 17 bilde som ligg i serien som du kan sjå i galleriet nedafor.

Les heile saka

Skogdag på Nordvik

Skogdag på Nordvik

Elinor Bolme Torsdag 3. februar 2011

I går var det skogdag på Nordvik, arrangert av Surnadal Kommune og Surnadal Skoglag. Over 30 mann kom for å få påfyll inna skogsnæringa skriv Trollheimsporten i dag. Sjå heile saka her. Foto: Tore Gjul

Les heile saka