Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kafékonsert med Tordenskjold

Kafékonsert med Tordenskjold

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. mars 2011

Onsdag kveld gjesta Tordenskjold Nordvik forsamlingshus med sin kafekonsert. Eit trettitals tilhørarar som hadde funne vegen til samfunnshuset, fikk full uttelling for kvelden med flott korsong krydra med visesong og triveleg samvær. Repertoaret for Tordenskjol spente fra norske folketonar, via europeiske og amerikanske tonar til allsong i lag med koret. Tordenskjolds dirigent Elin Persson klarte å binde programmet godt saman med sine muntre forteljingar, og varierte med å traktere piano til og bruke Elin Blomstrøm på gitar til songen.

I pausen var det traktering med kaffe og eit rikhaldig kakebord, samtidig som det var lotteri med eit variert utvalg av gevinstar. Etter kaffepausen var det både spansk og svenke tonar, mellom anna Englavakt av Evert Thaube. Og sjølvsagt «No e sola komma», sjølv om snøen lava ned utafor vinduet.

Lars Husby trakterte publikum med visesong, der han framførte fleire viser som han sjølv hadde skrive tektene til, noko han hausta stor applaus for. Mellom anna hadde han skrive eiga vise om «Supaklokkån innpå Nordvik». Til slutt runda Tordenskjold songkor av med ein sekvens med Beatles-låter, der klassikaren «Yesterday» var først ute. Dette var ifølge dirigent Elin Persson ein liten forsmak på korets Beatlesprogram som dei kjem med til neste år.

Først publisert: 24. mars 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 29. mars 2011, 21:08