Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Seterrenn i regnvêr

Seterrenn i regnvêr

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. april 2011

Eit lite hundretals deltakarar trossa vêrmeldinga med regnbyger og dro til Nordviksetra på seterrenn skjærtorsdag. Yr.no meldte om regnbyger fra kl 12.00 og de første regndråpene kom samtidig med starten på langrennet. Vêret og vêrmeldinga dempa nok publikumstiltrømminga, men den klarte ikkje å dempe steminga for deltakarane. 48 deltakarar på langrennet må ein være nøgd med under slike forhold. Det var sett opp idealtid, der Anita B. Nordvik gikk til topps med eit sekund avvik. I barneklassen var det Jonas Holten som var nerast med 24 sekund i avvik mot idealtida. 

I kulerennet var det Steinar Kjølstad som fekk beste tid i seniorklassen med 18.35, men vart tett fulgt av Roger Sætherbø (19,55) og Ulf Lund (19,98). I juniorklassen gikk Kristoffer Nordvik jr (40,41)  til topps, med Jon Nordvik (44,23) på andreplass. 

Det tradisjonelle hopprennet var flytta til reservebakken på grunn av snømangel, og vart nok etter kvart prega av regnet som berre auka på utover dagen. I seniorklassen vann Roger Sætehrbø med 188,0 poeng, men Steinar Kjølstad (187,5) og Råg Mikkelsen (186,5) var med i tetkampen heilt til slutt. Men mest imponert var vi nok over Jenny Klinge (Sp) som hoppa i same klasse som herrane og fikk 174 poeng. Ho gjorde ein fin innsats i hoppbakken som det står respekt av.  Her finn du resultatlista frå Seterrennet.

Om kvelden fortsette Nordvik Grendalag påskefeiringa med After Ski i Nordvik forsamlingshus, der det mellom anna vart servert spekemat med høveleg tilbehør, og tid til sosialt samvær og muligheiter for å treffe gamle kjente.

Sjå bildegalleriet fra det 83. Seterrennet på Nordviksetra.       Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 21. april 2011, 18:50 - Sist oppdatert: 22. april 2011, 12:31