Populært med strikkekaffe
Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til strikkekaffe kvar tredje laurdag, og det er eit sosialt og godt miljøtiltak. Det gjer nemleg så utruleg godt å treffast til uformell prat og kaffelag.
Vi fann 9156 artiklar i dette arkivet.
Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til strikkekaffe kvar tredje laurdag, og det er eit sosialt og godt miljøtiltak. Det gjer nemleg så utruleg godt å treffast til uformell prat og kaffelag.
Denne helga er randoneelandslagets ungdomar på utror til UWC (Ungdoms World Cup) Villars i Sveits. Det vil seie at Malin Indergård (U18 Women) og Erik Kårvatn (U20 Men) har delteke i sprinten i dag – og skal delta igjen i Induviduell komande søndag.
Etter 20 års med arbeid for bebuaranes trivsel og velferd vil Liv Botten og Borghild Husby Kvande overlate roret i Surnadal demensforening og helselag til andre. Torsdags kveld var dei med på siste arrangement i denne omgangen – hyggetreff med gruppa «Invalidos. Kvar månad har dei og resten av gjengen i demensforeninga hatt eit eller fleire arrangement for bebuarane på sjukeheimen – dei fleste i kantina på sjukeheimen.
Styret fikk fornya tillit da Todalen I.L. arrangerte årsmøte i ungdomshuset onsdag kveld. Elinor Bolme forset som styreleiar, medan Jenny fikk 2 nye år som kasserar. Med seg i styret har dei to Endre Talgø som er nestleiar som har eit år att, og Turid Sæter som har eit år att som sekretær. Justina Krajewska er ny leiar i Barne- og ungdomsgruppa, Bjørn Gunnar Ansnes har eit år att som leiar i Økonomi- og marknadsføringsgruppa, Sissel Halset Storslett har eit år att i Trim og allidrettsgruppa, og Lars Stensby har eit år att som leiar i Anleggsgruppa- drift og vedlikehald.
På Hageland Surnadal er det full fart i perioden fra mai til om med juni/juli. – Da er det skikkelig trøkk og behov for flere sesonghjelper som kan være med og ta tak når aktiviteten er på topp.
Hageland har stort behov for hjelp både på dager når det er stor salg, og når det er stor aktivitet med innfylling av varer – da kan det være behov for flere som kan jobbe samtidig og vi treng litt fleksibilitet begge veiene.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. mars. Oppmøte ved Matkroken/Hals og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Fredag morgon med glinsande sol frå blå himmel – få på deg godt med klær og kom deg ut i finvêret! Todalen Idrettslag har sørga for at det er køyrt på spor – både fotspor og skispor i Toåa Tursti – her kan du registrere både TIL-trim og StikkUT vinter. I tillegg er det nye fine skispor i lysløypa på Tjønnmyran, melder TIL.
Nytilsett folkehelsekoordinator i Surnadal kommune, Trine Kristiansen Glåmen, deltok på medlemsmøtet i Sanitetsforeninga tysdag 7. mars. Ho sette fokus på kor viktig det er å trene styrke og balanse når ein kjem opp i åra.
Etter ei helg med mykje ver – stort snøfall og vind – vart det opphaldsver under kløverturen måndag 6. mars.
Svorka melder kl 19.19 om straumbrot og fasefeil uti Stranda. Arbeid er i gang, og dei har eit tidsanslag på 4-5 timer for å reparere skaden.
Ja det er faktisk slik at vi snør mesta ned – det siste halvanna døgnet har det kome unormalt mykje snø, og snøen har vore tung. Ståle Ansnes i Todalen Mjølk seier at han aldri har opplevd så mykje og så tung snø før i sin karriere som brøytesjåfør. Snøen er kram og fuktig og Ståle merka det godt på traktoren i dag tidleg da han var ut på brøyting – faktisk var det poblematisk å få nok marktrykk for å styre traktoren.
Det var stor spenning i leiren da juniorane først skulle kvalifisere seg og så gå to etappar kvar i tomannslag. Det var 22 lag som kappast om dei 12 finaleplassane, Malin og Erik klarte å kvalifisere seg, medan 2.-laget Aslaksen Røed og Hjelset Andersen rauk ut. Indergård/Kårvatn kom på 10-plass i kvalifiseringa, men enda altså opp på 9.-plass etter at dei hadde gått 2 etappar kvar i den krevjande løypa.