Kløvertur i godt vinterver.
Etter ei helg med mykje ver – stort snøfall og vind – vart det opphaldsver under kløverturen måndag 6. mars.
Vi fann 9121 artiklar i dette arkivet.
Etter ei helg med mykje ver – stort snøfall og vind – vart det opphaldsver under kløverturen måndag 6. mars.
Svorka melder kl 19.19 om straumbrot og fasefeil uti Stranda. Arbeid er i gang, og dei har eit tidsanslag på 4-5 timer for å reparere skaden.
Ja det er faktisk slik at vi snør mesta ned – det siste halvanna døgnet har det kome unormalt mykje snø, og snøen har vore tung. Ståle Ansnes i Todalen Mjølk seier at han aldri har opplevd så mykje og så tung snø før i sin karriere som brøytesjåfør. Snøen er kram og fuktig og Ståle merka det godt på traktoren i dag tidleg da han var ut på brøyting – faktisk var det poblematisk å få nok marktrykk for å styre traktoren.
Det var stor spenning i leiren da juniorane først skulle kvalifisere seg og så gå to etappar kvar i tomannslag. Det var 22 lag som kappast om dei 12 finaleplassane, Malin og Erik klarte å kvalifisere seg, medan 2.-laget Aslaksen Røed og Hjelset Andersen rauk ut. Indergård/Kårvatn kom på 10-plass i kvalifiseringa, men enda altså opp på 9.-plass etter at dei hadde gått 2 etappar kvar i den krevjande løypa.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 6. mars. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Det var knytta stor spenning til dagens konkurranse i BOI TAULL, der Erik Kårvatn representerer Norge i individuell på klasse U20 men. 32 deltakarar stillte på startstreken, og her var det ingen ting å få gratis. Vinnaren Nils Oberauer frå Østerrike var det igengen ting å gjera med – han leia konkurransen frå start til mål. På andreplass kom Gheorghe-Petrut Jinga knappe minuttet etter og på tredjeplass kom italienaren Davide Sambrizzi ca 1 minutt etter.
Det blir berre ein drope i havet, men det hjelper da litt, sa Randi Vetleseter Bøe, da ho ønska velkomen til støttekonset til Kirkens Nødhjelps katastrofearbeid. Støttekonserten gjekk føre seg i Åsskard kyrkje, som var nærast fullsett av aktørar og publikum under arrangementet onsdag kveld. Aktørane fekk skryt for at dei stilte opp, både store og småe.
Nordvik grendalag arrangerte årsmøte i Nordvik forsamlingshus tysdag 28. februar.
I dagens vertikal i VM i randonee i Boí Taüll gjorde Erik Kårvatn eit nytt sterkt løp, og hamna på 9.-plass – 1:18.8 etter bestetida for U20 men. Vertikal er «førstemann til toppen», og er ei øving som Erik likar godt. I den bitande kulda i den spanske fjellheimen var det berre å gi gass oppover mot toppen. Først i mål var Oriol Olm Rouppert frå Andorra, med sveitseren Loic Dubois på andreplass og Julian Tritscer frå Østerrike.
Randonee-VM er alt i gang og alt i 8-tida var Erik Kårvatn på startstreken for å kvalifisere seg for å kome vidare til kvartfinale og semifinale. I kvalifiseringsrunden oppnådde Erik nest beste tid, og gikk dermed glatt vidare til kvartfinalen, der han gikk i heat 4. Han kom på 3.-plass i 4. heat i kvartfinalen og gikk dermed vidare til semifinalen, der han gikk i første av to heat.
Erik Kårvatn er på skikkeleg «utror» denne veka, da går nemleg turen til Boí Taüllai Spania, der han skal delta i VM i randonee som blir arrangert i perioden 28. februar til 5. mars. Alt tysdag kl 08.28 står det kvalifisering til sprint på programmet for Erik som går i klasse U20.
Siste måndagen i februar vart det uventa godt ver, og det var nesten litt vårstemning med sol og isfri elv. Da vart det kløvertur i Toåa tursti.