Denne veka er Maria Bergli å finne mellom reolane på Matkroken Todalen. I ei veke får ho prøve butikkyrket som ho tykkjer verkar spennande og dermed hadde lyst til å prøve seg. Maria går dette året i 9. klasse på Surnadal barne- og ungdomsskule, der ho enno har eit år att.
Det var måndag første dagen i butikkjobben, men ho kjenner alt no at ho trives godt i butikken, både saman med resten av betjeninga og saman med kundane. Ho tykkjer det er triveleg å treffe folk som ho no kan bli betre kjent med, samtidig som ho får litt føling med korleis det er å jobbe i butikk.
Maria får nok prøve å jobbe med litt av kvart denne veka, og det tykkjer ho er litt spennande, og det er godt å få litt avveksling frå skulearbeidet. Etter arbeidsveka blir det nok skule igjen i nokre veker, før det blir tid for tentamen og etter kvart sommarferie.