Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Boligkonferansen 2023 – kvar står vi i Surnadal?

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. april 2023

Det var god stemning da ordførar Margrete Svinvik kunne ønske eit 70-tals deltakarar velkomne til Boligkonferansen 2023.  Boligkonferansen var open for alle, der kommunen hadde invitert byggebransjen, innbyggarar og tilsette til kulturhuset.  På agendaen stod orientering om byggeplanar, tilskotsordningar og utleigebustader i eit variert og heildags program, og kommunalsjef samfunn Karin Halle var konferansier. 

Avtroppande kommunedirektør Knut Haugen orienterte om kommunens rolle som tilretteleggar for boligutvikling. Foto Jon Olav Ørsal

Først ute var avtroppande kommunaldirektør Knut Haugen som orienterte om kommunens rolle som tilretteleggjar for bustadutvikling. Han orienterte om bustadmarknaden og det som skjer i kommunen – mellom anna det nye bustadfeltet Vollan eller Øygardslia, Gryta 2 og andre felt som er under utbygging.  Han orienterte om bustadpolitisk plan og andre pålegg som kommunen må rette seg etter. 

Neste post på programmet var Birger Jensen frå Husbanken, som orienterte om vilkår for Husbankens deltaking, tilrettelegging og vilkår for finansiering av bustadkjøp og verkemiddel for å påverke bustadmarknaden og yte startlån på spesielle vilkår.

Anne Karin Grimstad og Talke Ranes gjekk gjennom regelverket for startlån og tilskot til kjøp av  bustad frå NAV.  Dei representerte region Indre Nordmøre som utgjer Tingvoll, Sunndal og Surnadal.  Dei behandlar startlånsøknad i tilknyting til Sosialtenestelova, og yter lån på spesielle vilkår til vanskelegstilte, spesielt unge barnefamiliar og bustadkjøparar som ikkje får lån i vanleg bank av ein eller anna grunn.

Håvard Stensønes orienterte om bustadfelta – mellom anna det nye feltet Øygardslia. Foto Jon Olav Ørsal

Under posten «Nytt frå kommunen» orienterte Håvard Stensønes, Ragna Kvendset, Berit Okstad og Johan Åsenklint Mogstad om prosessane som skjer i dei kommunale organa og om regelverket som styrer prosessane på teknisk – herunder nye og gamle bustadfelt og sentrumsplan for Skeiområdet.

Ragna tok for seg på kva måte krigen i Ukraina påverka bustadsituasjonen i Surnadal kommune. Foto Jon Olav Ørsal

Her er prosessane påverka av at det er krig i Europa, og det er difor laga midlertidige lover som gjer at ein får raskare prosessar i ein periode. I 2021 var det behov for 24 flyktningbustader medan krigen i Ukraina gjorde at behovet var 100 bustader i fjor og i år reknar ein med 90. Men sjølv om prosessane blir påverka av tidspress, så går ein ikkje på akkord med brannfare og sikkerheit for å klargjere flyktningbustader.

Einingsleiar Johan Åsenklint Mogstad orienterte om arbeidet med å dekke det aukande behovet for flyktningbustader og kva kriteria som gjeld med hensyn til lokalisering, avstand til buss og fasilitetar som internett, straum etc.  Med behov for bustad til 100 personar i fjor og rundt 90 så langt i år, så blir det eit stort press på apparatet som skal organisere dette arbeidet.

Erling Talgø tok ein sekvens om Talgøhistoria før han gikk vidare til Talgø Bygg foto Jon Olav Ørsal

Neste post på programmet var Erling Talgø frå Talgø Bygg AS og Ola Inge Sæther frå Sætra Drift AS – dei to selskapa presenterte interessante utbyggingsprosjekt for bustader  – både for Svartvassområdet, Moavegen 21, Skeivegen 16 og Skeivegen 22.  Det organiserer arbeidet gjennom samarbeidsselkapet Se-Ta Project AS som vil stå for utbygginga.  Denne utbygginga er nok omfatta av stor interesse og vil omfatte leiligheter av forskjellige størrelsar og funksjonar.  Dei er kome i sluttfasen av planarbeidet, og vil presentere resultatet om eit par-tre veker etter plana.

Talgø Bygg og Sætra Drift skal samarbeide om ei interessant utbyggingsprosjekt gjennom selskapet Se-Ta Project AS – alt om nokre veker er prospektet klart for å bli presentert. Foto Jon Olav Ørsal

Elles var Eiendomsmegler1 på konferansen for å orientere om bustadmarknaden i Surnadal og for å spå litt om framtidig bustadmarknad. Her var Marius Mellomsæter Nes og Rune Johansen på plass for å presentere statistikkar og for å spå om framtidig utvikling. Markedet er i dag stramt, og det spår det det vil bli i fortsettinga og. 

Siste post på programmet var einingsleiar Anett Ranes i Surnadal kommune.  Ho sette søkelyset på kva den enkelte kan bidra med sjølv for å kunne fortsette å bu heime. Vi må klare det meste sjølv, da må vi ta større ansvar for eigen alderdom.   Ho viste fram befolkningsstatistikk som viste at 2 av 3 må ta helsefagleg utdanning dersom vi skal dekke behovet for eldreomsorg.  Dette er nok ein tankevekkjar for ein og kvar, men faktum er at det blir for få hender i framtida.  Det blir da viktig at vi planlegg for framtida – bustaden må få universell utforming, som lett kan tilpassast vår behov, og her kjem Tek 17 og NEK 400 inn med forskjellige krav til utforming og til installering av utstyr.

Korleis kan vi bu heime lenger – Anett Ranes Sette søkelyset på kva vi sjølve kan bidra med for å klare oss lenger heime i eigen bustad. Foto Jon Olav Ørsal

Anett Ranes viste mange eksempel på korleis dette lett kan takast omsyn til. Vi må forebygge ulykker i heimen . verstingen er golvmatter vi snublar i, og når vi veit at eit lårhalsbrot kostar samfunnet rundt 1 mill., så ser vi at det går an å spare samfunnet for mykje og pasienten blir spart for smerter og funksjonsfall. Her var kvar enkelt oppfordra til å tenkje seg om, og til å ta grep.

I det heileteke ein interessant og lærerik konferanse som sette fokus både på bustadmarknaden, kvifor den er slik og kva som kan eller bør gjerast for å tilpasse behovet til marknaden. 

Kommunalsjef samfunn Karin Halle var konferansier under Boligkonferansen 2023. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 27. april 2023, 17:06