Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9103 artiklar i dette arkivet.


Talgø har behov for flere på laget

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. mars 2023

På Talgø er det ledige stillinger som lyses ut i disse dager –  Talgø Bygg i Todalen søker etter prosjektleder, mens Talgø Møretre søker etter digital markedsfører ved sin markedsavdeling.  – I stillingen som prosjektleder får du ansvar for prosjektering og prosjektledelse tilknyttet Talgø Bygg sin elementfabrikk, mens Talgø MøreTre ser etter deg som kan være med å gi Talgø et løft i de digitale kanalene.  Som digital markedsfører og innholdsprodusent hos Talgø får du ansvar for en rekke digitale aktiviteter. 


Ein dråpe i havet – vart til 17 280 kroner

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. mars 2023

Det blir berre ein drope i havet, men det hjelper da litt, sa Randi Vetleseter Bøe, da ho ønska velkomen til støttekonset til Kirkens Nødhjelps katastrofearbeid i Åsskard kyrkje for eit par veker sia.  Bernt Bøe som var iniativtakar til støttekonserten rosar dei som stilte opp og deltok – både publikum og artistar, ikkje minst barnekoret Amigo frå Bøfjorden. 


Mykje dårleg asfalt etter vinteren

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. mars 2023

Ein rundtur i Todalen med reparering av asfaltdekke er ikkje noko nytt for Ola Svinsås og gjengen på Veidekke.   Det er faktisk mykje av asfalten frå Svinviktunellen og rundt bygda som er i ferd med å gå i oppløysing.  Tysdag var Ola Svinsås frå Veidekke i gang med å reparere eit stort hol i vegen like ved kyrkja.  Han bruka opp ein heil stabel med reparasjonsmasse før han fikk fylt holet nokon lunde. 



Stikk UT! lanserer stifond!

Jon Olav Ørsal Måndag 20. mars 2023

Stikk UT! lanserer nå sitt eget stifond som skal gi førstehjelp til Stikk UT!-stiene i fylket. Stifondet er en del av Stikk UT! sin strategi for å bidra til et mer bærekraftig friluftsliv i regionen vår.


Vårjamndøgn – sommar i sikte?

Jon Olav Ørsal Måndag 20. mars 2023

Vårjamndøgn minner oss om at våren og sommaren nærmar seg, iallfall etter kalenderen å dømme.  Vi har i år fått bekrefta at mars er «snømånaden».  Men det ser da ut til at snøen no tinar frå begge kantar, og vi kan vel ha trua på at det vil vårast etter kvart no.  – I år er det vårjamndøgn måndag 20. mars – heilt nøyaktig når klokka er 22:24 norsk tid.  


Kvanne – Rykkjem – redusert kapasitet måndag morgon

Jon Olav Ørsal Sundag 19. mars 2023

Kvennaferga – rute 1061 Kvanne – Rykkjem har redusert kapasitet måndag morgon.   Det gjeld turen med avgang frå Rykkjem kl 08:45 i morgon 20.03, og årsaka er transport av farleg last, som gjer at det vert begrensa kapasitet til 12 passasjerar på denne avgangen. Elles vil fergetrafikken gå som normalt.  


Individuell med tøffe motbakkar i Villars

Jon Olav Ørsal Sundag 19. mars 2023

Malin Indergård og Erik Kårvatn er dei to einaste utsendingane til Youth World Cup Villars frå NSFs ungdomslandslag i randonee.  Dei gjorde jammen ikkje skap på sine plassar i dagen individuelle konkurranse i Villars i Sveits.  Romsdalingen Malin Indergård kom på 4 plass (Damer 18 år) og Erik kom på 14 i sin klasse (Herrer 20 år).


Todalshytta: -ny balldag komande tysdag!

Jon Olav Ørsal Sundag 19. mars 2023

Tysdag 21. mars er det ny balldag på Todalshytta – som tidlegare er det fritt val mellom sildball med stekt flesk og potetball med saltkjøtt som tilbehør.   Serveringa startar frå kl 15:00 og går heilt fram til kl 18:00.  Bestill gjerne på epost arve@todalshytta.no eller på telefon 929 97 550.  


Kløvertur om Husbygarden

Dordi Jorunn Halle Sundag 19. mars 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 20. mars. Start frå Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Populært med strikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Laurdag 18. mars 2023

Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til strikkekaffe kvar tredje laurdag, og det er eit sosialt og godt miljøtiltak. Det gjer nemleg så utruleg godt å treffast til uformell prat og kaffelag.


Til semifinalen i Villars i Sveits

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mars 2023

Denne helga er randoneelandslagets ungdomar på utror til UWC (Ungdoms World Cup) Villars i Sveits.  Det vil seie at Malin Indergård (U18 Women) og Erik Kårvatn (U20 Men) har delteke i sprinten i dag – og skal delta igjen i Induviduell komande søndag.