Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjekkar straumnettet med drone

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. mai 2023

Du lurte kanskje på kva Aasmund Longva Kvendset og Ove Island heldt på med i går da du observerte dem på vegkanten inn til Todalen og rundt i bygda?  Vi trefte de to parkeringsplassen ved Todalshytta, og kan avsløra at dei representerte Svorka-selskapet S-Nett, som eig og driv heile strumnettet i «Svorkaregionen».  Tilsaman er det 360 km med linjenett og rundt 3600 pålar som skal ha regemessig ettersyn.  

Drona som blir bruka – den kostar rundt 150 000 kroner og har 4 kamera. Foto Jon Olav Ørsal

S-Nett har forresten varsla om at ettersyn skal skje ved hjelp av droneflyging med varmesøkande kamera, og i dag var det altså Todalen som stod for tur.  Det må faktisk være ein drømmejobb for ein ungdom å få lov til å flyge med drone på arbeidstida, tykkjer vi.  Dei to er enige i det, og dei fortel at dei har gjort mykje førebuingar før dei vart «slepte ut» med drone for å sjkke lysnettet.  Dei har i vinter jobba mykje med sertifisering for denne jobben og har no autorisasjon i klasse A1, A2 og A3.  Når dei skal ut å jobbe med drone må dei varsle Avinor, slik at den øvrige flytrafikken er klare over at det foregår flytrafikk i området.  Alt vi gjør blir forresten loggført og opptaka blir lagra.  

Tidlegare vart det bruka vanleg helikopter til ettersyn av lysnettet – det vart både dyrare og kanskje meir unøyaktig.  – Når vi flyg med drone kan vi være litt meir nøyaktig og kanskje sjekke ein gong til dersom vi er i tvil.  Dei to leitar etter skade på pålane og isolatorane.  Dersom isolatorane er skadde, så kan det føre til varmgang og overslag, og kan da føre til brann og straumutfall i området.  Det varmesøkande kameraet ser etter slik varmgang i isolatorane, og kan da avsløre at det er behov for skifte, som da kan utføres som planlagt vedlikehald. 

Ove Island kjører drona frå denne lille boksen. Foto Jon Olav Ørsal

Drona dei to brukar er utstyrt med 4 kamera, der 2 brukes til flyging, eit varmesøkande for å finne varmeutvikling og eit til å gjera opptak av linjenettet – dette har f.eks. 200 x zoom og ei enorm bildeoppløysing.  Drona går på batteri, og kan halde seg i luta rundt 40 minutt på kvart batteri.  Dei to har base i ein varebil som bl.a. er utstyrt med ein storskjerm, der dei kan sjå kva som skjer, og kan operere et par-tre kilometer unna.  – Her kan vi følgje med alt som skjer rundt drona.  Drona med kamerautstyr kostar rundt 150 000 kroner, så vi flyr med andakt, seier dei to.

Dei to er nok sikra sommarjobb og vel så det.  Dei reknar med å rekke rundt 100 pålar pr dag, og må nok halde på til september/oktober før dei er ferdige med heile straumettet til S-Nett.  Da vi trefte de to var dei som sagt komne til Todalshytta, og skulle fortsette oppover i retning Kårvatn.  Etterpå ber det utover til Lykkjebygda og vidare utover til Stangvika. 

Har fyll oversikt over området og kvar enkelt påle oppover bygda. Foto Jon Olav Ørsal

Her finn du bildegalleri frå flyginga i Todalen   –  Foto S-Nett og Jon Olav Ørsal

Publisert: 16. mai 2023, 06:08