Fotball og lagseriestemne
Onsdag kveld glimta det til med ein fin sommarkveld, med fønvind og god temperatur. Det var ein fryd å gå rundt på Bordholmen og sjå på aktiviteten som foregikk der. Søya/Todalen G-12 hadde fått gjestar frå Halsa og spela kamp, som rett nok vart ei målfest for gjestane som vann 7-3. Ski- og friidrettsgruppa arrangerte samtidig lagseriestemne, og der var det dei yngste som hadde største aktivitetsnivået, sjølv om det også var innlagt idrettsmerkeprøve for den som ville.
Les heile saka